TERJE ULVEDAL terje.ulvedal@bt.no

Kvinna, som er åleinemor, vil vere anonym. Ho var ein av fire vinnarar som fekk full pott i trekninga. Vinnarkupongen var levert inn på samvirkelaget i Lærdal 12. mars.

Ho hadde ikkje sett trekninga på NRK1, og var difor svært skeptisk då ho seinare på kvelden i går vart oppring av Norsk Tipping. Først då kvitteringsnummer, spelarnummer og andre fakta vart lest opp, fikk kvinna tru på at noko stort var på gang, skriv Norsk Tipping i ei pressemelding.

Dama drøymer om nytt hus og kanskje eit feriehus der familien kan samlast.

Over 20 millionar kroner låg i før-stepremiepotten i går kveld etter at ingen fekk seks rette i trekninga onsdag 7. mars. Førstepremien vart delt mellom tre nordmenn og ein finne. Ei kvinne i Engerdal og eit spelelag i Oslo var dei to andre norske vinnarane.