TERJE ULVEDALFørdeEtter det Bergens Tidende kjenner til vil både sen-trumspartia (Sp, KrF og Venstre) og SV gå inn for at det framleis skal vere to politidistrikt i Sogn og Fjordane. Dei fire partia vil med andre ord halde på dagens ordning med politikammer både i Fjordane (Florø) og Sogn (Sogndal).Justispolitikarane frå sentrumskameratane har ved fleire høve "snakka saman" om politikammer-problematikken i Sogn og Fjordane. Så langt er konklusjonen at dei skal røyste samla når saka kjem opp i Stortinget 21. mai. Lite å spare — Senterpartiet sitt utgangspunkt har heile tida vore å oppretthalde to politidistrikt. Etter det eg forstår går også dei to andre sentrums-partia inn for dette, stadfestar Sps stortingsrepresentant , Jorunn Ringstad.Også justispolitisk talsmann for V, Odd Einar Dørum, seier det ligg an til semje om to kammer i fylket.- I Venstre vil vi primært ha to politikammer. Saka er ikkje avgjort, men mi tolking er at dei to andre sentrumspartia går for det same, seier Dørum.I SV har det alt lenge vore klart at dei vil gå for to politikammer.Dei fire partia meiner det er lite å spare på å organisere Sogn og Fjordane som eitt politidistrikt. I tillegg vert det også argumentert med at dei to kammera fungerer svært godt kvar for seg med høg oppklaringsprosent og effektiv ressursbruk. Kattepine for Ap Høgre og Framstegspartiet kjem derimot til å gå for at heile fylket vert samla i eitt politidistrikt. Men dei to partia vil plassere politimeisteren i Florø, ikkje i Sogndal slik regjeringa vil.Dermed hamnar Ap i kattepina. Deira framlegg om Sogndal kjem ikkje til å få fleirtal. Partiet må dermed bestemme seg om dei skal støtte to-kammer-tilhengarane hos sentrumskameratane og SV. Eller om dei skal røyste saman med Høgre og Frp for ein politimeister i Florø. Hard strid Det har vore hard strid etter at det i vinter vart kjent at Ap-regjeringa i den nye stortingsmeldinga om organiseringa av politiet, gjekk inn for å slå saman politikammera i Fjordane og Sogn. Stortingsrepresentant Astrid Nistad (Ap) har stått fram som den sterkaste talskvinna for Sogndal-alternativet. Ho har gått høgt på bana i sitt forsvar for Sogndalkammer. Fleire politikarar Bergens Tidende var i kontakt med i går la ikkje skjul på at dei trur 21. mai kan verte ein tung dag på Løvebakken for Nistad.Tilrådinga har også vorte møtte med tunge faglege motargument. Størstedelen av kriminaliteten i Sogn og Fjordane er konsentrert om områda med tettast busetnad, Sunnfjord-byane Florø og Førde. Det sterkaste politifaglege miljøet er lokalisert til Sunnfjord-området. Her ligg også den største domstolen i området, Sunnfjord heradsrett i Førde.