Av Kjell Kjerland, Granvin

Men denne lagidretten er såpass dominerande i alle media at det er ikkje råd å unngå kva som hender om ein er interessert i å halda seg orientert om andre ting.

Derfor godtek eg òg påstanden om at fotballen avspeglar tilstanden elles i samfunnet rundt der laget finst.

Og akkurat no er det særleg aktuelt. Ikkje i samband med korleis det endelege resultatet i «eliteserien» (Tippeligaen?) vert. Men i samband med den debatten som dukkar opp no og då. Men endå ikkje er komen skikkeleg i gang.

Debatten om regionane si frigjering frå osloområdet, og dette området sitt økonomiske monopol.

Dette har i lang tid ført til at regionane der verdiane blir skapt her i landet har måtta sjå at pengane blir ført til Oslo, for så i stor grad å bli brukt der. Og så at delar av verdiskapinga blir ført attende, no kalla «overføringar». («Subsidiar», «distriktsstøtte», er òg populære omgrep på dei kantar.) For tida gjer regjeringa sitt beste for at det skal bli for dyrt å halda i gang det som finst av verdiskaping basert på lokale ressursar her i landet!

I den grad eg har omgang med sentralt plasserte Hordaland-politikarar er mange av desse samstemte om at løysinga er å legga ned dei noverande fylka, for så å oppretta eit vestlandsk storfylke. Ein region som sjølv har hand om resultatet av regionen si verdiskaping. Utan at dette skal førast til Oslo først. Endå politikarar på Sunnmøre tok dette alvorleg, og uttalte i fjor at om dette vart ein realitet så ville dei høyra til i ein region med Hordaland og Sogn og Fjordane.

I Sogn og Fjordane derimot verkar det som denne debatten har blitt møtt med meir og mindre likesæle. Endå motstand? Er det fordi innbyggarar og politikarar i fylket har ein forestilling om at ein slik region uansett må styrast frå ein by? Truleg frå Bergen?

Det er det i alle fall ikkje grunn til å ha bekymringar for lenger. Og då kjem det att det eg held fram ovanfor. At fotball også avspeglar andre kvalitetar i samfunnet. Frå før har Sogndal vist at dei kan halda i gang eit fotballag i elitedivisjonen, og endå ha kontroll over økonomien. No er det heilt klart at dei endå gjer ein betre figur på banen enn det beste dei kan få til i Bergen. Økonomien der har det vore sagt mykje om lenge! så det treng truleg ikkje takast opp att.

Så, i tillegg til det med fotballen, finst det fleire gode argument for at administrasjonen for ein samla vestlandsregion bør leggast til Leikanger/Sogndal. Desse bygdene ligg geografisk midt i regionen, og i den indre delen der næringsutviklinga har vore svak dei seinare åra. Leikanger har lang tradisjon for å husa slik administrasjon, noko som Samferdsledepartementet forsto då dei la sitt vestlandskontor der. Og i det området slepp ein truleg å oppleve slikt som stadig kjem fram i Bergen. At folk står fram offentleg og fortel kva belastning nynorsk mål er. For born i skulen, eller for dei sjølve. «Hva er egentlig gravferd, herr redaktør?» Som det heitte då telefonkatalogen for Hordaland kom på nynorsk for fleire år sidan! Og det er så vidt eg forstår ikkje stort betre i Stavanger, Haugesund eller Ålesund.

Så Sogn og Fjordane, og ikkje minst Leikanger/Sogndal har gode grunnar for å vera med på å utvikla ein sterk vestlandsregion. Men også der må me passa på at det ikkje utviklar seg miljø spekka med kunnskapslause økonomar. Av typen som no styrer Brann ASA, eller for den del selskap som framleis har stor makt over ressursar på Vestlandet. Som Elkem og Norsk Hydro.