• Eg visste ikkje at me var så mange som hadde flytta til Oslo, seier stordabuen Gjermund Vik (25).

LARS MÆLANDlars.maeland@bergens-tidende.no Oslo

Det er høg vestlandsk kjendisfaktor på utestaden Smuget i Oslo, der SNU-prosjektet har tromma saman utflytta sunnhordlendingar dei gjerne vil ha tilbake til Stord eller Fitjar.

Gjermund Vik jobbar i forsikringsbransjen, og er ein av dei som kan tenkja seg til ei framtid på meir heimlege trakter.

– Det er interessant å høyra kva muligheter som finst der heime, og all den tid også kona kjem frå Stord er det kanskje lettare for oss å tenkja på flytting enn for mange andre. Men så er det dette med jobb og husvere til begge to, då, seier Gjermund Vik der han kosar seg i godt lag saman med 130 fitjar— og stordabuar med heimlengt nok til å bita på invitasjonen frå SNU (samspelforum for næringsutvikling).

God respons – Dette er ein kjemperespons, og me kjem til å følgja opp kvar enkelt med vidare informasjon. Det har alt folk som har presentert idear me vil sjå nærare på, seier Inger Karin Larsen Nerheim, primus motor i etablerarprosjektet som er ein viktig del av SNU-operasjon i Sunnhordland, der ein har fått statleg drahjelp til å skapa ny aktivitet til erstatning for redusert oljeutbygging.

Oljestatsråd Olav Akselsen er blant dei som aldri har flytta frå Stord, og som var til stades for å reklamera for kvalitetane på heimstaden. Han fortalde om sjokket han fekk i si første møte med Oslo, der han kom langt seinare heim enn trenaren ønskte då unge Olav var på Norway Cup.

– For å seia det slik det var kom eg ikkje inn før dagen etter, og det som undra meg mykje den natta var at så få av dei me traff visste kor Stord var. Me forklarte då kort og greitt at det var ei øy midt mellom Tysnes og Bømlo, sa Akselsen, og hausta villig applaus.

Stort tap – Det vil vera eit større tap for Oslo enn vinning for Stord om alle de som er samla her i dag finn grunn til å melda flytting, proklamerte Per Ståle Lønning frå scenen, og etterlyste romslegare grenser for uteliv som eit viktig middel til å lokka folk vestover.

– Målet er ikkje nødvendigvis å få alle til å flytta heim igjen, men å halda på kontaktar og sikra oss gode ambassadørar me kan dra nytte av, seier Fitjar-ordførar Agnar Aarskog, som saman med kollega Magne Rommetveit i Stord hadde tatt på seg ordførarkjedet og ønskte kvar og ein velkomen til SNU-treffet. Så langt har Frank Breistein trekt i trådane som dagleg leiar, torsdag blei det kjent at Harald Onarheim (44) overtar dei seks åra det er venta at SNU-prosjektet skal vara.