TERJE ULVEDAL terje.ulvedal@bt.noLavikdalen i Høyanger

Ved Nordstrandsvatnet i Høyanger ligg eitt av magasina til Sunnfjord Energi. I terrenget ligg kilometerlange sandbrune og steinete strender. Målestavar fleire stader langs vatnet viser kor langt det er ned til den tynne hinna av is som framleis dekkjer brorparten av vatnet.

Magasinet er tappa ned med kring ti meter. Det er litt meir enn det brukar å vere på denne tid av året, men ikkje unormalt. Det som derimot er unormalt, er at det knapt finst ei snøfille att i terrenget rundt vatnet.

Treng eit vått år — Det er jo faktisk berre på dei høgaste toppane det ligg snø som er noko å snakke om, slår maskinist Einar Baud fast.Konsekvensen er lite tilsig av vatn til kraftmagasinet utover sommaren. Sunnfjord Energi må håpe på mykje nedbør i sommar, elles vil Nordstrandsvatnet også vere nedtappa når dagane vert kortare og den første snøen viser seg i fjella.

I Hydro Energi Sogn, med sine store kraftmagasin ved Fortun og på Tyin, summerer driftskoordinator Sven Ove Lerum opp situasjonen i ein setning:

— Vi treng eit vått år!For også i fjellområda i Indre Sogn er det langt mindre snø enn normalt. I tillegg er også magasinfyllinga noko under normalstanden på denne tida av året.Lerum legg ikkje skjul på at dei i månadene framover vil verte nøydde til å justere kraftproduksjonen i forhold til nedbørsmengda.

— Vi må ta høgde for at det kjem ein ny vinter om eit halvt år.

Redusert produksjon - Og den måten det kan gjerast på, er å produsere mindre kraft?

— Ja, til vi ser korleis vi ligg an.

— Kor mykje meir må det regne i sommar for at det skal kompensere snømankoen?

— Det er vanskeleg å seie. Men at vi treng eit sommarhalvår med ein god del meir nedbør enn normalen, er ikkje tvil om.

Produksjonsdirektør Tore Kolstad i Oslo Energi Produksjon, som mellom anna har dei store kraftverka i Aurland, seier rett ut at det kan verte ein betydeleg manko på vatn når sommaren er over.

Tappa mindre - Vestlandet og Nord-Norge er tyngdepunkta i norsk kraftproduksjon. I desse områda har det i vinter komme lite snø. På Vestlandet er snømengda no ved slutten av april i enkelte område det halve av eit normalår. Når vi veit at snøsmeltinga utgjer ein stor del av årstilsiget av vatn, i enkelte magasin er det snakk om 40 prosent, så snakkar vi om ein vesentleg svikt. På årsbasis snakkar vi altså om at enkelte kraftstasjonar kan få ein svikt på 20 prosent, forklarar Kolstad. Oslo Energi-direktøren trur at det må regne 20-30 prosent meir enn normalt denne sommaren for å ta att det tapte.

På Lavikdalen er Einar Baug glad for at dei i kraftstasjonen Øvre Svultningen har halde litt att gjennom vinteren:

— Vi har nok tappa Nordstrandsvatnet mindre ned enn det vi brukar å gjere. Det kan fort vise seg at det var veldig lurt.