ARNE HOFSETH arne.hofseth@bt.no

– Vi har veldig lyst på henne, vedgår Asbjørn Nes på Veitastrond overfor Bergens Tidende.

Eit kort, svart faldeskjørt syter for at luftstraumen frå eine motoren ikkje kjem på vidvanke, men løftar farkosten ørlite opp frå underlaget, uansett om det er fast grunn, is eller ope vatn. Den andre motoren driv ei svær vifte som står for framdrift.

Demonstrasjon Laurdag fekk Nes den svenske konstruktøren Göran Ivanoff til Veitastrond for å demonstrera vidunderet for varaordførar Inger Marie Evjestad og næringssjef Olav Grov i Luster kommune. Også bygdefolket fekk seg ein flygetur på Veitastrondvatnet, centimeter over isen.

– Ein svært behageleg tur, kommenterer varaordførar Evjestad.

– Eg merka ikkje skilnad om vi køyrde på snølagd is eller i open råk full av isflak, fortel ho.

Men på politikars vis forlovar ho seg ikkje.

Som ein gild bil Bygdefolket på Veitastrond meiner å ha funne løysinga på problema sine. Ein luftputebåt til 350.000 kroner kostar ikkje meir enn ein gild bil.

– Det kjem nok ein del driftskostnader i tillegg, ymtar varaordføraren.

– Elleve liter bensin i timen. Det tilsvarar to liter på mila, kjem det kjapt frå Asbjørn Nes, Han har finlese brosjyren.

– Garasjeplass har vi også, argumenterer han.

Merkeleg nok har dei til no ikkje funne nokon norsk særavgift som råkar ein slik farkost – utover momsen, sjølvsagt. Men det krevst unntak frå lova om motorisert ferdsel i utmark.

Konstruktøren lovar ein båt med breiare dører dersom det blir handel. Det skal vera lettare å få ei sjukebåre om bord. Båten er ein sjusetar. Seks passasjerar i tillegg til piloten.

– Båten er lett å føra. Litt vanskeleg å koma i gang, men så sit det, akkurat som å læra å sykla, seier Magnus Ivanoff som fyljer i faren sine fotspor.

Interesse Mannfolka synte mest interesse i går, men bygda kan også ha bruk for kvinnelege pilotar. Når skreda går, må det vera ein pilot på rett side.

– Når veien er stengd, isen er utrygg og skodda hindrar helikopteret, er Veitastrond isolert utan ein slik båt, seier Nes.

Men han trur ikkje at bygda vil oppleva situasjonen frå 1981 ein gong til. Då var Veitastrond isolert frå omverda i 100 dagar. Sidan den tid er dei mest rasfarlege vegstrekningane lagt i fire tunnelar.

LUFTPUTE: Korte skjørt held båten oppe medan ei stor vifte syter for framdrifta. FOTO: Arne Hofseth