Frå fugleburet sitt ved stovevindauga øvst i Langarinden har Texas panoramautsikt over heile Åsane. Men det er ingenting som tyder på at han fantaserer om å ta til vingene ein gong ingen passar på.

— Han likar ikkje å fly, han er meir av ein klatrar, forklarar matmor Elisabeth Grøtte Kolstad til Bergens Tidende.

Papegøye og pratmakar

At Texas har budd heile livet bak lås og slå, er ikkje heilt riktig. Dagleg tek han seg ein tur eller to utanfor buret, og om sommaren sit han gjerne på terrassen og underheld nabolaget. Utan lenke. Det trengs ikkje. Denne karen flyr som nemnt ingen stader.

— Han har eit godt liv. Eit skikkeleg godt liv. Han var babyen vår før vi fekk dottera vår, Aminda Mali. Det er ikkje for ingenting at han kan seia: «Texas er babyen til mamma og pappa», fortel Elisabeth.

Texas er papegøye og pratmakar, og den grå jaco-papegøyen sparar ikkje på konfekten i lag med sine eigne.

— Ein gong då vi kom heim frå ferie, sa han: «É du dum i hodet?» Då hadde foreldra mine passa han, fortel Ketil Kolstad.

- Heng ikkje på greip

— Av og til bit han seg i foten, og seier: «Au! Ikkje bit!» Og ein dag sa han plutseleg: «Skal vi gi blod?» Det må vera noko han har høyrt på radioen. Vi skrur alltid på radioen når Texas er åleine heime.

Kjøper du deg ein jaco-papegøye, kan du rekna med at du får selskap resten av livet. Texas kan nemleg bli 70 år!

— Ein skal tenkja nøye gjennom kva ein gjer, før ein skaffar seg ein slik fugl. Det er ein del arbeid, han skal ha mat og buret skal gjerast reint, forklarar Ketil.

Men utspelet frå landbruksministeren har dei ikkje sans for i huset i Langarinden:

— Ein papegøye blir som eit familiemedlem. Å samanlikna burhøns med ein papegøye i bur heng ikkje på greip, det er to forskjellige debattar. Uansett vil det alltid vera folk som ikkje burde hatt dyr, og då spelar det inga rolle om dei bur i byen eller på landet.

FOTO: JAN M. LILLEBØ