TERJE ULVEDAL terje.ulvedal@bergens-tidende.no

Det er Vin— og Brennevinsimportørenes Forening (VBF) som hevdar dette. Interesseorganisasjonen for importørane av alkoholhaldige drikkevarer slår på stortromma, etter at ein mann er død og ei kvinne ligg innlagt på sjukehus etter å ha drukke smuglarsprit under ein fest i Måløy. - Politikarane må ta ein stor del av ansvaret for at livsfarleg smuglarsprit ser ut til å vere omsett på Vestlandet, meiner leiar i VBF, Ivar Amundsen. Eldorado for smugling VBF meiner at norske politikarar har valt å vere passive tilskodarar til ei stadig veksande smugling.- Verdas høgaste avgift på brennevin har gjort Norge til eit eldorado for spritsmuglarar. Knapt noko anna folk får ein større del av spritforbruket dekka av smugling og heimebrent, seier VBF-leiaren. VBF byggjer utspelet sitt på tal frå Tollvesenet, Vinmonopolet, Handels- og Servicenæringens Handelsorganisasjon og ECON. Organisasjonen reknar med at så mykje som 55 prosent av spriten som blir drukke i Norge kjem frå smugling, heimebrenning, turistimport og svenskehandel. Resten, 45 prosent, blir selt til folk flest gjennom Vinmonmopolet og til hotell og restaurantar.- Smugling åleine utgjer kring 20 prosent av totalforbruket. Dette er ein tragisk statistikk som politikarane lenge har vore klar over, men valt å vere passive tilskodarar til. Organisert kriminalitet - Samla snakkar vi om kring fem millionar liter brennevin. I kroner og øre utgjer dette eit ulovleg sal på to milliardar kroner. Denne formidable pengesummen går rett i lommene til organiserte kriminelle. Den enorme fortenesta i spritsmugling gjer det mogleg for kriminelle ligaer å finansiere andre aktivitetar, eksempelvis smugling av narkotika. Vi snakkar om eit omfattande samfunnsproblem som det haster å ta tak i, seier Amundsen.VBF krev, naturleg nok, at avgiftene blir sett ned, og viser til at både Arbeidarpartiet og sentrumspartia har lovt å redusere avgiftene på brennevin for å komme smuglinga til livs.- Reduserte avgifter vil redusere fortenesta for smuglarane og gjere det meir attraktivt å handle på polet.