Det var natt til onsdag sist veke at ein mann døydde, og ei kvinne vart innlagd på sjukehus etter at dei hadde drukke smuglarsprit. Politiet var redd for at store mengder giftig sprit kunne ha vore omsett i området, og gjekk ut med ein generell advarsel til alle som hadde kjøpt smuglarvarer.

Ein 31 år gammal mann vart arrestert kvelden etter drikkelaget, og har i avhøyr tilstått å ha kjøpt og selt mindre mengder sprit. Kvinna som vart skadd av drikkinga ligg framleis i koma på Sentralsjukehuset. Tilstanden er alvorleg, men stabil.