PER MARIFJÆREN per.marifjaeren@bergens-tidende.no Alt tyder på at den omkomne 53 år gamle mannen og den hardt skadde 46-årige kvinna rett og slett drakk meir enn dei kunne tole. Dette er innhaldet i den første tilbakemeldinga politiet har fått frå Gades Institutt, der den 53 år gamle mannen er obdusert. Fengsla i to veker — Eg kan stadfeste at Gades Institutt har antyda overfor oss at spriten som den avdøde hadde drukke, truleg ikkje har vore forgifta, seier politiinspektør Bente Staven til Bergens Tidende.Men politiet har enno ikkje fått korkje resultata frå analysen av brennevinet eller den endelege obduksjonsrapporten. Slik Bergens Tidende forstår det, er det også indikasjonar på at dei to som vart sjuke kan ha tatt medikament i ei eller anna form saman med det store inntaket av smuglarvodka.I Nordfjord forhøyrsrett i går kravde Staven at den 31-årige Måløy-mannen skulle fengslast i fire veker, men fekk berre rettens medhald i å fengsle han for to veker med brev- og besøkskontroll. Stoppa ikkje rykta 31-åringens forsvarar, advokat Per Kjetil Stautland, reagerte i går sterkt på at politiet ikkje tidlegare hadde gått ut med informasjon om at det truleg likevel ikkje har vore snakk om forgifta brennevin. For då dødsfallet var eit faktum, gjekk det berre timar før politiet sende ut pressemelding med årtvaring mot giftig smuglarsprit. - Det har vore ein veritabel rykteflom, og den har i første rekke råka min klient. Difor reagerer eg på at politiet har halde på denne informasjonen som dei har hatt frå Gades sidan tidleg torsdag ettermiddag, seier advokaten.Ifølgje Stautland har 31-åringen nekta for å ha selt sprit til avdøde i tida like før dødsfallet. - Min klient selde to flasker til vedkommande i veka før dødsfallet. Men då han denne veka spurde om å få kjøpe meir, ville min klient ikkje selje han noko, seier forsvararen. - Difor er det heilt spekulativt å knyte min klient til dødsfallet. "Ingen storfisk" I tillegg til dei rundt 100 spritflaskene av ulik type som politiet beslagla heime hjå sikta, fann politiet torsdag 30 vodkaflasker i den låste biltilhengaren hans parkert under Måløybrua.Ifølgje siktinga meiner politiet at 31-åringen i lang tid har vore ein stordistributør av illegal sprit og tobakk i Måløy-området. - Dette er meiningslaust. Klienten min har aldri vore nokon storfisk i denne bransjen. Det meste politiet har beslaglagt heime hjå han, er ulike typar spesiell brennevin som han har samla over år, seier Stautland. - Resten er sprit han fekk tilgang på gjennom arbeidet som sjauar på hamna i Måløy, slik som mange andre i det same miljøet. 31-åringen har vedgått straffeskuld for innehav og omsetnad av ei moderat mengd smuglarsprit, men på langt nær dei mengdene politiet har sikta han for.