ARNE HOFSETH arne.hofseth@bt.no

Vert dei mest aktive i ligaen dømt etter tiltalen i Oslo byrett, vil den nye norske spritsmuglar-rekorden lyda på 468.400 liter rein (96%) sprit. Omrekna til brennevin tappa på polflasker, tilsvarar det ei 16 mil lang rekke med flaskar, eller strekninga frå Bergen til Flåm langs E16. Flaskene må då stå så tett at det går ti flasker på meteren.

31,5 millionar kroner Aktoratet, politiinspektørane Jogeir Nogva og Yngve Skovly, vil kreva inndraging av over 31,5 millionar kroner til fordel for statskassa. Det er beløpet sju av dei tiltalte har tent på ulovleg verksemd.

Ein sunnhordlending risikerer også dom for brot på våpenlova. Han hadde ein ladd tsjekkisk pistol med seg til Sunnmøre. Politet fann dessutan ein annan pistol og ei ungarsk hagle heime hjå han. I tillegg fann politiet ein pistol heime hjå ein av dei andre tiltalte.

Politiet hevdar at to av dei åtte på tiltalebenken er involvert i smugling av 15.000 liter via Ålesund og 16.000 liter over Svinesund.

20 båtlastar Spritsmuglinga i Ålvik skal ha gått føre seg frå 16. februar 1997 til 14. oktober 1998. Til saman kom det inn 20 båtlastar, fem med båten Sloman Challenger, åtte med Sloman Commander og sju med Polar Challenger.

Alle kom frå Rotterdam i Nederland for å henta ferrosilisium og ferrosilisiummagnesium ved Elkem-smelteverket Bjølvefossen ASA.

Den første lasta var nærast som eit prøveparti å rekna. «Berre» 14.000 liter fordelt på 72 tohundrelitersfat, plassert i ein 20 fots container som vart køyrt på land i Ålvik, og rake vegen til distribusjonsapparatet på Austlandet.

Rask vekst Alt frå last nummer to vart ein dobbelt så stor container teken i bruk, og volumet vaks til rundt 24.000 liter, først på 200-litersfat, dei 13 siste lastane på tiliters kanner.

Tre menn i alderen 28-33 år står tiltala for å ha vore med på alle 20 smuglarferdene. Ein 55-åring skal berre ha vore med på den første, medan ein 59-åring kom inn i biletet etter tredje turen. Ein 55-åring deltok på dei 15 første turane, går det fram av tiltalen.

Ein mann frå Stord (57) skrytte av smuglinga i Alle Menn. Han vart skvisa ut etter 11 turar og 253.200 liter. Men så fann han på at han skulle starta for seg sjølv. Saman med ein annan sunnhordlending smugla han i land 15.000 liter sprit frå båten Tinto i Breivika i Ålesund i september 1998. Lasten, seksti 250-litersfat, vart tatt av politiet i Sykkylven, og opprullinga av ligaen tok til.

Over Svinesund Dei to sunnhordlendingane er også tiltala for smugling av 16.000 liter sprit fordelt på åtti 220-litersfat over Svinesund i september 1999.

Fire av dei tiltalte skal ha brote valutalova. To av dei tok med seg seks millionar kroner ut av landet for å betala for spriten. Norges Bank skal ha særskilt melding dersom nokon tek med seg meir enn 25.000 kroner ut av landet. Dei to skal 20 gonger ha teke med seg 300.000 kroner. To andre er tiltala for å ha teke med 700.000 kroner elleve gonger. Til saman 10,5 millionar kroner.

Oslo byrett har sett av tid til 8. juni til denne saka. 7. mai tek Indre Follo herredsrett fatt på ei straffesak der tre menn mellom anna er tiltala for distribusjon av Ålvik-sprit på Austlandet. Fleire i Oslo-saka skal også ha medverka i distribusjonen. Ein som køyrde 17 turar er dømt for slikt før.