Det heiter vidare i artikkelen at «også reisetid, punktlighet og informasjon på holdeplassen var holdt utenfor».

Artikkelen kjem etter ei pressemelding frå Hordaland fylkeskommune om den halvårlege undersøkinga av kvaliteten på rutetenestene i Hordaland. Undersøkinga er eit ledd i kvalitetsavtalane mellom fylkeskommunen og rutelaga i fylket. Det er i desse avtalane sett krav til rutelaga om at kvaliteten på rutetilbodet skal auke eller i det minste oppretthaldast på dagens nivå.

Då BT sin journalist ringde kvelden før, fekk han opplyst m.a. følgjande: På ein skala frå 1 til 6, der 6 er best, gav 901 reisekundar Gaia Trafikk i gjennomsnittskarakteren 4,6 for reisetid, 4,5 for punktlegheit og 4,4 for haldeplass-informasjon. Skulle dette vere noko å «stikke unna»?

Gjennomsnittskarakteren kundane gav Gaia Trafikk for kvalitetselement som rutelaget har stor grad av kontroll over var 4,7. På alle dei fem undersøkingane vi har hatt, har Gaia Trafikk i denne delen av undersøkinga fått karakterar mellom 4,5 og 4,8. HSD Buss og HSD Sjø har fått like gode karakterar.

I vår korte pressemelding, der vi sjølvsagt opna for å gje meir informasjon til interesserte, skreiv vi at kundane gav ruteselskapa så vidt lågare gjennomsnittskarakter for kvalitetselementa som dei har mindre grad av kontroll over, og at dette skuldast kundane sitt syn på takstnivået. I BT-artikkelen heiter det at «blant annet taksten var holdt utenfor».

BT trekkjer fram at Gaia Trafikk fekk karakteren 2,2 for takstar, noko journalisten fekk opplyst over telefonen. Han nemner likevel ikkje at Gaia Trafikk på alle andre kvalitetsmål som òg i stor grad er utanfor selskapet sin kontroll, får gode karakterar.

Det er i ei pressemelding naturleg nok ikkje plass til alle detaljane i undersøkinga, men BT sin journalist fekk dei tala han bad om. Han nemner berre ein karakter, den aller dårlegaste, og unnlet å nemne dei andre karakterane som er gode. Fylkeskommunen si kvalitetsundersøking blant buss— og båtkundane, utført av Opinion, er open for ålmenta. Eg lova BT sin journalist å få utarbeidd ein ny samletabell med gjennomsnittskarakterar for kvalitetselementa som rutelaga har mindre grad av kontroll over. Denne skal han få.

Eg merkar meg elles at i ein notis i sundagsavisa av BT om kvalitetsundersøkinga, er det ingen negativ vinkling.

Kvalitetsundersøkingane viser at passasjerane synest eksisterande rutetilbod er bra, bortsett frå takstnivået, som me også tykkjer er for høgt. Takstnivået er ein konsekvens av det statlege rammetilskotet til Hordaland fylkeskommune og det skulle me gjerne sett var større. Men her er me diverre i selskap med mange andre byar og fylke. T.d. er minstetaksten i Trondheim kr 25,- mot kr 23,- her i Bergen.

Kvalitetsundersøkinga talar m.a.o. for seg sjølv og treng på ingen måte sminkast.

Magnus Vestrheim, samferdselssjef Hordaland fylkeskommune