Kommentarstoffet om jazz har så liten fagleg verdi at det for folk i bransjen berre påkallar stigande grad av undring.

Geir Dahle skulle så gjerne fått jazzsnakka i fred for oss om det ikkje var for at snakket hans om Vossa Jazz utmerkar seg med å sjå vekk frå dei faktiske tilhøva. Tesen til Dahle er at Vossa Jazz for å koma ut av eit økonomisk uføre har ofra den kunstnarlege kvaliteten. Noko som er med på å konstituera kunstnarleg kvalitet er talet på «reine» jazzkonsertar, ifølgje Dahle.

Faktum er: Vossa Jazz har alltid hatt mykje meir enn jazz på programmet. Blandingsforholdet mellom jazz og andre kunstnarlege uttrykk har variert, men har på 90-talet og etter hundreårsskiftet lege på mellom 50 og 65 prosent jazzandel. 2003-utgåva utmerkjer seg med å vera den mest jazzdominerte Vossa Jazz sidan 1996.

Om Dahle hadde brydd seg med å sjekka rekneskapa våre opp mot programma, ville han ha funne at det ikkje er samanheng mellom «jazzprosent» og økonomisk resultat. Det er faktisk ein del av Vossa Jazz sin profil å inkludera andre kunstnarlege uttrykk. Dette er til og med vedtektsfesta og skriv seg attende til året 1979.

Det er eit vesentleg kulturpolitisk poeng for Vossa Jazz at jazzen blir formidla i ein vidare musikalsk samanheng. Å introdusera jazzen for eit publikum som til vanleg har andre musikalske preferansar, er heilt naudsynt om jazzen framleis skal ha ein så sentral og vital plass i norsk musikkliv som tilfellet er i dag. Program— og prispolitikken og sjølve billettsystemet til Vossa Jazz heng organisk saman.

Den viktigaste enkelthendinga i Vossa Jazz si snart 30 år lange soge er etableringa av Kulturhuset Fraktgodsen. Dette var truleg det første konserthuset i Noreg som blei planlagt og bygd med tanke på formidling av jazzmusikk. Ikkje berre gav dette Vossa Jazz ein unik arena, men gav musikklivet på Voss produksjons- og formidlingsvilkår dei tidlegare berre kunne drøyma om. Så har det då blitt skipa til 250 konsertar i Fraktgodsen sidan huset opna 3. april 1998.

Dahle anerkjenner Fraktgodsen sine kvalitetar, men presterer å hevda at festivalen har flytta alle jazzkonsertane opp dit og at dette har gjort oss «mindre handlingsdyktige». Enkel sjekking av fakta fortel oss at det har skjedd ei permanent endring i tilskipingsstrukturen etter at Fraktgodsen opna - 4 jazzkonsertar i kjellaren på Hotell Vossevangen har blitt til 8-10 jazzkonsertar på Fraktgodsen.

Dahle har med glede merka seg festivalens storbandsatsing, men sjølv denne satsinga greier han å finna ei negativ side ved. Kostnadene med storbanda gjer at ein ikkje kan ha ein einaste «internasjonal trio, kvartett eller kvintett...». For det første finn ein kvintettane Gilad Atzmon & The Oriental House og Nymark Collective m/Vincent Herring og kvartetten Come Shine. Alle band held høg internasjonal standard, men viktigast av alt - storbandsatsinga er høgt prioritert av festivalen, og har vekt så pass oppsikt i Europe Jazz Network at organisasjonen ynskte å ha prosjektet som flaggskip i prosjektet «Europe Jazz Oddesey». At mange av dei fremste jazztilskiparane i Europa gjev slik honnør til programlegginga til Vossa Jazz burde interessera både BT og Dahle.

Om Dahle og BT ønskjer informasjon som bakgrunn for sitt jazzsnakk, veit de kvar me er å treffa.

Lars Mossefinn, dagleg leiar i Vossa Jazz