I Noreg er det 25.000 bruk som kan seljast på den frie marknaden om Stortinget følgjer departementet. Vel 10 prosent av desse ligg i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Departementet foreslår at det ikkje lenger skal stillast krav til konsesjon dersom eigendomen ikkje har meir enn 20 dekar fulldyrka areal. Samstundes må det samla arealet ikkje vera meir enn 100 dekar.

Eigendomsmeklar Magne Storheim i Sparebank 1 Vest har spesialisert seg på sal av landbrukseigedomar. Han reknar med at verdistigningen vil variere alt etter kor i landsdelen småbruka ligg og kva standard det er på husa på bruket.

— I omegnskommunane til Bergen ville verdien av eit 100 dekars bruk med dårleg bygningsmasse kunne stiga med 200.000kroner, meiner meklaren.

Sjølv har han i år stått for salet av seks bruk i Nordhordland. Og han reknar med at innan året er omme har han fått seld minst like mange.

- Lett å selja

— Generelt vil eg seia at det er lett å selja landbrukseigedomar, seier han. Spesielt er etterspørselen stor i områda som ligg i pendlaravstand frå Bergen. Storheim fortel at han ofte får forespørslar frå interesserte kjøparar frå andre kantar av landet når han legg landbrukseigedomar for sal.

Det er to grupper som er interesserte i å kjøpa seg gardsbruk.

— Den eine gruppa er unge ektepar i etableringsfasen som gjerne vil verta bønder. Desse er gjerne i 20-30 års alderen, ofte folk med liten kapital, men stort pågangsmot. Den andre gruppa er veletablerte par som ønskjer å bytta ut leiligheta i byen med eit gardsbruk på landet, seier meklaren.

Salet går ofte raskt. Mykje er gjort på ei veke når bruket først er lagt ut for sal.

Akkurat no har Storheim ingen bruk som fell inn under dei påtenkte konsesjonsgrensene for sal. Men han førebur fleire sal av litt større bruk.

Eit av desse er eigendommen til Wenche Natås på Natås i Lindås. Garden er på tilsaman 700 dekar. Ca 50 dekar er dyrka mark. På garden står både driftsbygning og våningshus. Våningshuset er bygd tidleg i det førre hundreåret og treng fullstendig rehabilitering, medan driftsbygningen er frå nyare tid. Eigaren vurderer å selja garden med ein del reiskap og ein mindre buskap med kyr.

— Salet kjem ikkje til å verta noko problem. Eg veit alt at det er fleire interessentar, seier Storheim. Han reknar med at salstaksten kjem til å vera 1,1 million kroner.

Skeptiske bønder

Men bondeorganisasjonane er skeptiske til å endra konsesjonsreglane. Og stortingsrepresentantane må venta at bøndene kjem til å driva kraftig lobbyverksemd for å endra forslaget frå Landbruksdepartementet.

Bøndene fryktar ikkje berre at mange småbruk kjem til å gå over frå å vera jordbruks- til fritidseigedomar. Dei er også redd endringane av konsesjonsgrensene vil skuva prisane i veret også på større bruk. Det kan gjera det vanskeleg også med generasjonsskifte innan landbruket.

— Eg hadde ønskt at ein kunne halda fram med dagens regelverk, seier leiaren i Hordaland Bondelag, Nils Bjørke. Han er redd at nye konsesjonsreglar også vil svekka regelen om bu og driveplikt. Han peikar på at det alt no verkar som om det er ganske lett å omgå regelen om bu og driveplikt.

Sjølv synest han det er viktigast å halda på buplikta.

— Det er mange nok tomme hus rundt i bygdene som det er, seier bondelagsleiaren.

TIL SALS: Wenche Natås kosar seg med dottera Wenche Margrethe på bøen på garden Natås i Lindås. Men ho kan ikkje tenkja seg å driva garden ho har arva. Difor vert bruket lagt ut for sal om få veker. FOTO: TOR HØVIK