«Jeg kan sette en Streg paa Væggen; saa høit kan Bonden naa i Kultur, ikke høiere,» sa Bjørnstjerne Bjørnson i 1899. Då var det gått mange år sidan han gjennom «Synnøve Solbakken» og «En glad gutt» hadde romantisert den norske bondestanden så bortanfor all forstand. Men i ei tid då det norske landbruket syng på siste verset, og skogen tek tilbake kulturlandskapet, kjem det altså eit firebandsverk om den norske bonden. Det er det all grunn til. For storparten av den tida det har budd folk her oppe i steinrøysa har vi vore eit bondefolk. Det er rett som Trygve Bull ein gong sa det: «Her i Norge skal du ikke skrape lenge på en akademiker før bonden kommer frem.» Særleg i ei tid då urbaniseringsprosessen er akselererande kan det vera nyttig å slå det fast: Vi er eit folk av bønder. Men no er det snart slutt.

Så kom poteta

Men Bjørnsons bondeforteljingar er med god grunn utelatne. Det heile tok så smått til tidleg i den yngre steinalderen, for rundt 6000 år sidan. Det er seniorforskar Bjørn Myhre i Stavanger og professor Ingvild Øye ved UiB som tek oss tilbake til famlande forsøk med fedrift i steinalderen. Første bandet fører oss gjennom den lange bolken fram til Svartedauden og mørk mellomalder. Andre bandet er professor emeritus Kåre Lunden sitt, og den stridsglade middelaldereksperten legg naturleg nok vekt på poteta, som han hevdar var det viktigaste — og kanskje einaste - kvalitativt nye i norsk landbruk frå Svartedauden til 1814. Ho skulle gje ein kraftig kveik til det norske folket, både i fast og flytande form.

I tredje bandet er vi innom det store hamskiftet, overgangen frå bondesamfunn til pengesamfunn, og der bøndene - for å stå sterkare - realiserer samvirketanken. Men det er grunn til å minna om at naturalhushaldet stod sterkt heilt fram til i 1920-åra. Berre 25 prosent av norsk mjølk vart levert til meieria. Men det er i perioden professor Brynjulv Gjerdåker skriv om - frå 1814 til 1920 - at folk så smått tek til å forlata garden og bygda og småbruket til fordel for anna arbeid. Bondebefolkninga i Noreg har passert toppen. Har dei lagt ut på vegen mot undergangen?

Slutt på Ormelid

Det er det Hitra-aksjonist og bygdesosiolog Reidar Almås som skal svara på i siste bandet - «Frå bondesamfunn til bioindustri». Han skriv om nedgangstidene som dreiv bønder til konkurs, om Bygdefolkets Krisehjelp og om kriseforlik mellom Bondepartiet og Arbeidarpartiet. Då andre verdskrigen slutta, ifølgje Anne Grosvold var det ein gong på 1940-talet, budde tre millionar menneske i Noreg. Drygt halvparten budde i grisgrendte strok, og då snakkar vi for ein stor del om gardar som låg slik til at dei laut halda seg med eigen hannkatt. Knappe millionen, kvar tredje nordmann, budde på gardsbruk.

I dag er det drygt 60.000 bønder att, og ifølgje Almås må vi tilbake til år 2000 før Kristus for å finna tilsvarande få bønder i Noreg. Prognosane seier at talet i 2010 vil vera 25.000. Blir vi medlem av EU kan det fort bli endå færre. Då blir miljøet så lite at det knapt blir stort nok til å snakka om ei livsform og eit bondesamfunn, skriv Almås, som er fullt på det reine med at hans bidrag kan oppfattast som ein sluttrapport om det norske landbruket. Men det kan det vera verdt, seier Almås, når hyllegarden Ormelid i Luster blir lagd ned etter 4000 års drift.

Det er eit grundig og imponerande verk Samlaget har lagd fram, men det er mykje vemod knytt til eit verk som omhandlar ei næring som så desidert har framtida bakom seg.

Multifunksjonelt landbruk

«Men mat ska'rem ha,» som det heiter, og syting om høge matprisar og svenskehandel blir vi ikkje kvitt endå om vi i dag brukar berre drygt 10 prosent av inntekta vår til mat. I 1950-åra brukte vi rundt halvparten. Politikarane legg til grunn at norske bønder må leva med statlege overføringar på dagens nivå - i beste fall. Når desse pengane blir fordelte på stadig færre bønder kan det halda oppe ein viss produksjon, kanskje ikkje så langt frå dagens nivå. Men professor Almås trur det såkalla multifunksjonelle landbruket blir viktigare, der landbruket skal ivareta oppgåver som busetnad, levande bygder, kulturlandskap og miljø. Dette begrepet er lansert i forhandlingane i World Trade Organisation (WTO), og er alt eit innarbeidd fenomen i EU. Då kan staten måtta betala jordeigarane for å halda kulturlandskapet i hevd, slik at ikkje skogen kjem tilbake og tek ein grufull hemn. Det er kanskje største utfordringa turistlandet Noreg står framfor når bondenæringa i tradisjonell tyding står på kanten av stupet.

Eller kan det tenkjast ein annan utgang? Det har hendt før at historia har tatt ei ny retning, og grunnen kunne i vårt tilfelle vera nye utbrot av kugalskap og andre katastrofar i eit industrialisert landbruk på Kontinentet og i Storbritannia. Det norske småskalajordbruket har i hovudsak skore klar slike epidemiar, og nordmenn flest har - med god grunn - stor tillit til norske matvarer. Industrilandbruket driv truleg på grensa til det forsvarlege, og er svært sårbart. Også i EU tek dei no konsekvensen av dette og vil stimulera bøndene til ei mindre intensiv og meir miljøvennleg drift. Men økonomien blir avgjerande. Turar dei fram som før på Kontinentet kan det gje ei opning for eit alternativt jordbruk i Noreg. Det er i det minste ein from tanke.

Dersom norske bønder har høgare kulturell standard enn Bjørnson tiltrudde dei, kjem dei til å rydda plass til dette verket i bokhylla.

OLAV KOBBELTVEIT