Mitt hovudinnhald, som var ei konkretisering av innhaldet i «Den kulturelle skolesekken», lar Ludv. Jerdal ligge. Det er truleg ikkje interessant for han? Men språket mitt, som nok kunne ha vore pynta noko på, vil han til livs.

Det vil vere «eit løft for kulturen» om eg sluttar å skrive, seier han. Og eg kjenner mange som meiner det same som han. Dei meiner at nynorsken bør plasserast i bokhyllene, trygt og godt forvart, med sitt «upp» og «um», til minne om den generasjonen som frigjorde landet vårt frå «danskeveldet», og/eller som eit komisk (låtteleg) og mislukka forsøk på å bli kvitt riksmålet.

Eg ser ikkje på nynorsken som eit museumsmål, men som eit levande språk som eg kan kjenne meg heime i når eg skal uttrykke det som ligg meg på hjartet. Og då må eg få bruke det i ei form som ikkje gjer det utilgjengeleg for min generasjon.

Det blir feil for meg å «taka upp til ordskifte» eller «gjeva att sume språkprøvor», men Ludv. Jerdal må gjerne skrive slik. Det frydar meg å lese desse avisinnlegga hans, som har slike treffande og kraftfulle utfall mot ulike synspunkt, men altså i ei hauggammal språkdrakt som er eit stykke kulturhistorie i seg sjølv.

Men, eg tillet meg altså å skrive mine meiningar og tankar i ei språkdrakt som reflekterer meg og mi tid. Språket har ei estetisk side, det er klart. Men det er for meg viktigare å overføre morsmålet til barn og unge i ei levande form som dei kan gjere seg nytte av, når dei har noko på hjartet. Oldemorsmålet blir for fjernt. Så, om eg ikkje er så «stiv i nynorsk» som Ludv. Jerdal, så vil eg gjennom å bruke språket vere med på å vidareføre denne delen av kulturarven til dei unge, på min måte ¿ trur eg.

GYRI SKRE,LEIAR I BERGEN VENSTRE