Statens vegvesen sin strategi for vinterdrift følgjer ein landsdekkjande standard når det gjeld både brøyting og strøing/salting, og skal normalt gi gode forhold for alle trafikantgrupper.

Strøing

Vinterdrifta i Region vest er delt inn i to strategiar: Strategi "bar veg" og strategi "vinterveg" avhengig av kva status/funksjon vegen har, kor stor trafikkmengde det er på vegen og dei klimatiske forholda vegen ligg i.

På vegar med strategi "bar veg" vert det nytta salt som førebyggjande tiltak for å hindre glatt vegbane. Det vil seie strøing med salt før frost og snøfall. I all hovudsak vert dette vegnettet drifta slik at det normalt ikkje ligg snø eller is i vegbana. Likevel, når vêr— og temperaturforholda er slik at vegen av tekniske grunnar ikkje kan driftast etter denne strategien, vil vegen mellombels bli drifta som vinterveg.

Strategi "vinterveg" omfattar vegar der det er akseptabelt med snø- og/eller isdekke heile eller delar av vinteren. Også dette vegnettet kan bli salta ved rim- og barfrost, men ikkje i samband med snøfall. Ved glatt veg vert det strødd med sand eller saltblanda sand anten samanhengande eller avgrensa på spesielle trafikkfarlege strekningar (punktstrøing).

Som grunnlag for å gå i gang med førebyggjande tiltak, vert det nytta rapportar/prognosar om vêrforhold. Desse hentar vi inn kontinuerlig både frå Meteorologisk Institutt og eigne klimastasjonar som er sett opp fleire stader langs vegnettet.

Brøyting

Ved snøvêr kan det reknast med inntil seks cm snø på vegar med strategi "bar veg". På vegar med strategi "vinterveg" vert det akseptert inntil 15 cm tørr snø der det er lite trafikk.

Gang- og sykkelvegar

Gang- og sykkelvegane som Statens vegvesen har ansvaret for, vil bli drifta etter vintervegstrategi, men med særskilde krav til brøyting og strøing.

På vedlagde kart er vegane med strategi "bar veg" lagt inn med raud farge, og vegane med strategi "vinterveg" med gul farge.

VINTERVEG: Statens vegvesen informerer om brøyting.
Arkivfoto