Regjeringa går ikkje av i dag, men det er ikkje Leif Frode Onarheims forteneste. Ikkje Øyvind Hallerakers heller. Dei er stortingsrepresentantar for Høgre, og av avisoppslag siste tida har vi fått veta at Høgres fraksjon i energi— og miljøkomiteen ville forhandla med Arbeidarpartiet om kraftutbygging i Sauda. Dersom Onarheim og Halleraker hadde fått tura fram som dei ville, og Arbeidarpartiet hadde blitt med på leiken, ville Bondevik-regjeringa hatt sin siste arbeidsdag i dag.

Slik vart det naturlegvis ikkje. For på eitt eller anna tidspunkt må parlamentarisk leiar Oddvard Nilsen ha forstått at han laut gje Onarheim & Co. ein leksjon i parlamentarisk skikk og bruk. Tysdag kveld hadde Onarheim forstått alvoret, og gjennomførte motvillig det ynkelege tilbaketoget alle forstod måtte koma. Men korleis kunne han og Halleraker gå seg så vill?

Det er ikkje første gongen. Nyleg var Leif Frode Onarheim og energikomiteen - der også Ingmar Ljones (KrF) er med - på besøk i Rosendal. Det galdt den omstridde opprustinga av kraftverket i Muradalen, som dåverande energiminister Olav Akselsen avviste då Ap regjerte. Akselsen sa nei fordi han visste at det ikkje fanst fleirtal i Stortinget for å byggja ut.

Eit slikt fleirtal finst ikkje i dag heller. Regjeringa har sagt nei. Like fullt dreg Ingmar Ljones til Rosendal og seier til Bergens Tidende 20. mai i år at «ingenting er avgjort før komitéinnstillinga ligg føre 11. eller 12. juni». Saman med Onarheim etterlet han eit inntrykk av at det kan bli ei utbygging likevel. Det kan det ikkje. Og det må både Ljones og Onarheim veta, med mindre dei er totalt uvetande om spelereglane.

Ei Ap-markering

Vi dreg frå Muradalen til Sauda. Sauda-utbygginga er omstridd. For regjeringa Bondevik vart løysinga å finna fram til eit kompromiss på grunnlag av Sem-fråsegna. Det heldt hardt, fordi det i Høgre finst sterke krefter som ville imøtekoma den omfattande søknaden frå NVE. På den andre sida finn vi Venstre, som er særs restriktiv i slike saker. KrF ligg ein stad imellom, og kompromisset vart ei utbygging på 490 GWh, drygt halvparten så stor som NVE ville ha.

Også kraftsosialistane i Arbeidarpartiet ville ha eit ord med i laget. Medan Ap-leiar Jens Stoltenberg var i gravferd til svigerfaren vedtok dei å gå inn for ei utbygging slik NVE hadde søkt om. Men, som ei kjelde i Ap seier til BT, vi visste jo at dette berre var ei markering, fordi vårt vedtak ikkje kunne hindra at regjeringa ville få fleirtal for si løysing. Likevel var det viktig for Ap å få vist kor partiet står i denne saka.

Den 31. mai har alvoret ikkje gått opp for høgremannen Øyvind Halleraker frå Hordaland, medlem av energi- og miljøkomiteen. Til Aftenposten seier han at «Ap har kommet frem til et fornuftig standpunkt i denne saken og vi bør forhandle med dem. Høyres fraksjon i komiteen står bak denne holdningen. Jeg tror også vi får med oss flertallet i stortingsgruppen.»

Ved kjernen i saka

Næringslivsleiaren som tok steget over i politikken, Leif Frode Onarheim, er fraksjonsleiar i den same komiteen. Han har heller ikkje forstått kva dette handlar om, og seier til Aftenposten at han vil forhandla fram eit prosjekt som ligg opp mot den storleiken Ap har vedteke på 850 GWh.

Den einaste som seier det sjølvsagde er Unge Høgre-leiar Ine Marie Eriksen, som uttrykkjer seg på denne måten til Aftenposten: «Jeg synes Regjeringens forslag er godt og at Høyre skal stille seg bak dette.» Ho vil rett og slett at Høgre i Stortinget skal stilla seg bak det standpunktet Høgre har teke i regjeringa.

Vi kan vel varsamt seia det slik at her er Ine Marie Eriksen ved kjernen i saka, slik også KrFs parlamentariske leiar, Jon Lilletun, formulerer seg i onsdagens BT. Der seier han at han «forutsetter at regjeringspartiene stiller seg bak regjeringens forslag». Ja, kva skal dei elles gjera? Er dei ikkje der for å skaffa fleirtal for regjeringas politikk?

Kva trudde Onarheim?

Det blir naturlegvis slik regjeringa har bestemt. Det einaste vi kan undra oss over er korleis saka kunne koma så langt at Leif Frode Onarheim trudde han kunne forhandla på eiga hand. Er det einkvan som ikkje har gjort jobben sin? Rett nok er det ikkje den militære straffelova som regulerer arbeidet i Stortinget, men det er ikkje lausgjengarlova heller.

Rett skal vera rett - det er enklare når eitt parti regjerer åleine, slik Ap har hatt for vane. Men ikkje så mykje lettare som vi trur. For der Bondevik-regjeringa har tre samarbeidande parti, har Ap ulike fraksjonar som gjer seg gjeldande når standpunkta blir utforma - ofte i form av kompromiss. Litt gi og ta er det når den parlamentariske leiaren skal skaffa fleirtal for regjeringsstandpunktet, men fraksjonane ser til at det skjer etter måtehaldsprinsippet.

No er lausgjengarane i energi- og miljøkomiteen henta inn att i flokken, og regjeringa får det som ho vil. Det har vore ein tøff leksjon i parlamentarisk skikk og bruk.

LAUSGJENGAR: Leif Frode Onarheim (H) meinte det var viktigare å få til ei storutbygging i Sauda enn å skaffa fleirtal for regjeringas politikk.
ARKIVFOTO: Trond Solberg