Politiet kravde mannen fengsla i fire veker på grunn av fare for gjentaking, men Sunnfjord forhøyrsrett avslo tysdag kravet. Dette trass i at forhøyrsretten finn at det er sterk fare for at mannen kan gjere nye lovbrot under ruspåverknad. Mannen er sikta for fleire brot på straffelova, legemiddellova, lausgjengarlova og alkohollova. 33-åringen seier at han vil halde seg borte frå rus til saka kjem opp til doms. Mannen er straffedømt fleire gonger, hovudsakleg for vinningslovbrot og narkotikasaker.