Beitepåbodet for storfe skulle i teorien sikre alle hovdyr og kastratar over 6 månader uteliv i minst 8 veker. Men dispensasjonsordningar og mangelfull kapasitet til kontroll har ført til at besetningar og enkeltdyr framleis står innestengde heile sommaren. Det same gjeld fleirtalet av oksar og småkalvar, som beiteforskrifta ikkje gjeld for, samt grisane og fjørfeet.

I optimale lausdriftsystem kan nok dyra ha det godt innandørs òg, men dei fleste norske husdyr lever fortsatt i tradisjonelle system – på bås, binge og bur. Desse dyra veit ikkje kva livsglede er, mange av dei kan ikkje ein gong bevege seg naturleg eller utføre normal kroppspleie. Burrister, stål og betong og larmande maskiner og ventilasjonsanlegg er deira kvardag. Verda utanfor murane får dei berre eit glimt av den dagen dei skal til slakteriet.

Alle som har sett eit vårslepp skjønar nok kva det betyr for dyra å få kome ut i friluft, få bevege seg fritt og uhindra av båsband, kutrenar, trange stengsel og glatte gjødselrister, få fungere naturleg i sosiale grupper, beite når dei ønsker det, kvile på ei mjuk eng og høyre naturen sine lydar i staden for den monotone duren frå fjøsvifta. Dette er kvalitetar som sjølv det beste fjøsmiljø ikkje kan kome opp imot.

Hadde berre dei bøndene som vegrar seg mot å sleppe dyra ut tenkt meir i livskvalitet for det enkelte dyr og vurdert alle fordelane ved å la dyra beite – som betre klauvtilstand, lettare kalvingar og mindre jurbetennelse, ketose og mjølkefeber, så hadde dei kanskje funne ut at fordelande veg opp for ekstraarbeidet det medfører å ha dyra ute. Hadde dei berre identifisert seg med dyra på båsen og i bingen og prøvd å tolke signala deira. Dyra meddeler tydeleg sin frustrasjon dersom vi berre er villege til å forstå.

Dyr på beite er det beste utstillingsvindauget for landbruket. Godt norsk-merket er berre tomme ord i forhold til den reklamen som lykkelege dyr i frie omgjevnader tilfører landbruket. Det burde leggast til rette for eit system basert på uteliv for alle dyreslag. Etikk og kvalitet blir stadig viktigare omgrep for forbrukarane, og kvar enkelt av oss i velferdlandet Norge bør ha råd til å betale den meirprisen som krevst for at dyra skal få eit fullverdig liv.

Jenny Berg— Rolness, Dyrebeskyttelsen Sogn og Fjordane,