Denne alvorlege påstanden er urimeleg og direkte feilaktig.

Saka er at Hordaland fylkeskommune har fått to uavhengige og svært fagleg kompetente miljø, Asplan Viak og Norsk institutt for naturforskning, til å utarbeide ein rapport om miljøkonsekvensar for Hardangervidda ved heilårsveg over Vidda og bygging av Hardangerbru.

Bakgrunnen for at denne rapporten blei bestilt, var at samferdslekomitéen på Stortinget etterlyste ei utgreiing om desse spørsmåla.

Hordaland fylkeskommune har på ingen måte påverka dei faglege konklusjonane i miljøutgreiinga. Den uavhengige og faglege rapporten seier ikkje at vinterbrøyting på Hardangervidda er problemfritt. Vinterbrøyting er ein av mange faktorar som påverkar villreinstamma negativt.

Av Gisle Handeland, fylkesordførar