OVE A. OLDERKJÆR (tekst og foto)

Kjellaug Skjerve (49), Reidun Flatekval (50) og Mette Jensen (35) arbeidde i restaurasjonen på «Sleipner», Tone Torsvik (45) var barnepassar på deltid for ungar som reiste åleine. I Sunnhordland tingrett i går skildra dei nok ein gong dramatikken dei opplevde saman med 76 passasjerar og fem andre mannskap som til sist måtte kjempa for livet i bølgjene.

Ulukka gjekk også hardt inn på dei fire kvinnene. Alle stadfestar at forliset er årsak til at dei ikkje seglar meir. I dag er Tone Torsvik skuleelev, Reidun Flatekval går på attføring, Kjellaug Skjerve arbeider som salssekretær, Mette Jensen er sjukemeld som følgje av fysiske skader ho fekk i forliset. Stavanger-kvinna mobiliserte blant anna alt ho hadde av krefter for å henta opp ei eldre kvinne som ramla ned i eit stort hol i båten etter grunnstøytinga.

Ringde om vêret

Før «Sleipner» gjekk frå Stavanger ulukkesdagen 26. november 1999 diskuterte dei fire kvinnene vêrforholda, kom det fram i vitneforklaringane i går. Bakgrunnen var dårlege meldingar med varsel om liten storm.

Frå Stavanger ringde Kjellaug Skjerve heim til Espevær og spurte om korleis vêret såg ut på Sletta, og fekk roande svar. Då «Sleipner» gjekk nordover var dei fire jentene i restaurasjonen ueinige om korleis forholda faktisk var. Tone Torsvik meinte bølgjene var høge og at båten stampa hardt, Kjellaug Skjerve og Reidun Flatekval — som hadde lengst erfaring på sjøen - tykte det ikkje var så ille, medan Mette Jensen hevda det var «tivoli» med stor sjøgang.

— Ein eller annan sa at vi måtte til Bergen den kvelden fordi båten skulle på verkstad, sa Flatekval i retten i går.

Ingen av dei fire merka noko unormalt om bord før «Sleipner» gjekk på Store Bloksa. Alle følte at det tok lang tid før dei fekk informasjon frå brua over høgtalaranlegget. Skjerve og Flatekval var to gonger oppe på brua for å henta meir informasjon, og fekk vita at flåtane ikkje kunne setjast ut.

Ikkje prøvd vestar

I vitneforklaringane opplyste dei at ingen hadde prøvd redningsvestar eller overlevingsdrakter som var om bord, dei hadde heller ikkje øvd i å ta redningsvest på passasjerar.

«Sleipner»-kvinnene forklarte at dei hadde fått ei viss opplæring i alarminstruksar og evakuering før dei tok til å jobba på fartøyet. Dei var innforstått med at deira oppgåve var å ta seg av passasjerane, hjelpa med redningsvest og geleida dei til evakueringsstasjonane. Men realistiske øvingar skorta det på.

— Vi hadde for lite opplæring på den nye båten, konkluderte Mette Jensen. Som overfor tingretten fekk lufta frustrasjonen sin overfor korleis «Sleipner» gjekk i oppløysing.

— Vraket burde vore etterforska betre. Båten blei knust som om det var ein colaboks som blei klemt rundt øyrene mine. Skutesida berre sprakk, så kom vatnet sprutande inn, sa Mette Jensen.

PREGA FOR LIVET: «Sleipner»-forliset har prega dei fire kvinnene som arbeidde om bord for livet. I går måtte frå v. Tone Torsvik, Reidun Flatekval, Mette Jensen og Kjellaug Skjerve forklara seg som vitne i straffesaka mot kaptein og reiarlag.