Vi har lenge levd i tider der målet for suksess hos bedriftsleiarar har vore kor mange tilsette dei har greidd å sparke. Mange av dei er blitt utropte til geni på grunn av det. Aksjonærar har applaudert og dei tilsette som er att, har knurrande akseptert at det var nødvendig. I mange tilfelle har det sjølvsagt også vore det. Det er likevel påfallande kor mange av desse genia som ikkje er det lenger og som sjølv er hamna i unåde og vanære. Fleire av dei har da også vore svært gamaldagse bedriftsleiarar.

Arbeidslivet blir meir og meir «funky business». Bedrifter av alle kategoriar oppdagar at kvaliteten på arbeidsstokken er den viktigaste kapitalen dei har. Dette gjeld i ekstrem grad den nye informasjonsteknologien. Men også i meir tradisjonelle produksjons— og servicebedrifter blir gode hovud og hender, kreativitet og spesialkunnskapar stadig meir etterspurde og høgt verdsette. Denne utviklinga er så sterk at ho mest har revolusjonerande kraft i vårt samfunn. Ho kjem til å endre relasjonane mellom arbeidsgivar og arbeidstakar, synet på innvandring, inntektsfordelinga, skattepolitikken og mangt anna mange synest er viktig.

Medie- og kulturbedriftene har alltid vore funky business. Eg ser ikkje bort frå at mange av dei har stelt seg slik at det vil utløyse mykje god skadefryd i breide lag av folket når dei nå må skjære ned og kvitte seg med tilsette. Men dei same folka burde interessere seg litt for kva slags folk det er som nå må finne seg nytt arbeid. Det er beint fram eit ikkje heilt uviktig spørsmål for nasjonen. Høgre-representanten Olemic Thommesen sa sist veke at NRK bør kunne slanke seg. Det er nok eit populært standpunkt. Det er ikkje heilt ufornuftig heller. Men igjen er det også svært fornuftig ikkje å gå ut frå at all slanking er sunn og spørje kva slags folk som bør få fyken.

Min eigen visjon for denne bedrifta som eg kjenner nokså godt, er ein heilt annan. Eg er overtydd om at det ville vere bra for nasjonen om NRK kunne hyre på fleire folk. Meir av NRKs årlege tre milliardar kroner burde brukast på å sysselsette meir journalistisk, kunstnerisk og teknisk kreativitet. Mindre av pengane burde gå til straumrekningar, satelittleige og kostbare tekniske duppedittar. I mange år har bedrifta dessutan streva med prosessar som skulle føre til at meir av pengane kom nærast mogleg til kamera og mikrofon og mindre til eit støtteapparat som liknar nokså mykje på det dei fleste andre bedrifter på ein eller annan måte må halde seg med. Det er denne kampen min etterfølgjar nå fører vidare når han nå krev at bedrifta må få eit anna tilhøve til meirverdiavgiftssystemet slik at desse prosessane blir mogleg å gjennomføre i ein rasjonell bedriftsøkonomi.

Denne utfordringa er felles for alle mediebedrifter. Det ubehagelege er at ho er særleg kritisk i eit lite språk- og kultursamfunn som det norske. Til meir eg observerer kva som skjer med nasjonalstaten på det europeiske kontinentet, til meir blir eg sikker på at den delen av vårt arbeidsliv som driv med språk og kultur er avgjerande viktig for vår framtid som nasjon. Vi greier oss godt utan eigne bankar og datamaskinprodusentar. Men utan sterke medie- og kulturbedrifter som har primær lojalitet og fokus til det norske, blir limet i nasjonen borte. Derfor burde vi sysselsette fleire folk i mediebedrifter, kulturinstitusjonar, undervisning og andre delar av arbeidslivet som dagleg steller med å produsere dette limet.

Denne problemstillinga er nok ikkje ny. Men det burde ikkje vere så vanskeleg å sjå at ho har fått nye dimensjonar i globaliseringas og integrasjonens tidsalder. Ho har dessutan fått ytterlegare ein kritisk dimensjon ved at vi held på å bli ein mindre homogen kultur. Utforminga av det nye Norge er avhengig av at mange folk og gode folk arbeider i media og kultur. Avisene er lette å slanke ved å produsere færre sider og mindre lesestoff. NRK og dei andre etermediebedriftene kan spare store pengar på å produsere færre og mindre påkosta program på norsk. Men dette er anorexia. Vi er berre 4,5 millionar menneske i dette landet. Desse bedriftene er dessverre meir enn mange andre delar av arbeidslivet dømt til å leve med at deira livsvilkår stort sett blir avgrensa av ein liten marknad. I mitt gamle liv samanlikna eg ofte NRK med Sveriges Television som lever av lisensinntekter frå ni millionar menneske. Dei færraste vil akseptere at det er klok politikk å innrette seg på at Sverige skal ha ei dobbelt så god allmennkringkasting som oss. Det har dei da heller ikkje, men det er lett å sjå at høgre folketal fører til meir og betre drama, dokumentar og barneprogram. BBC lever av lisens frå 70 millionar og har dessutan ein verdsmarknad fordi dei arbeider på eit verdsspråk. Det kjennes nokså urettvist at vi som er små har så store handikap når det gjeld å utvikle kulturell kraft og mangfald.

Dersom små land er kloke, gjer dei kva dei kan for å redusere dette handikapet. Det er nok ikkje tilfeldig at Island bruker ein så mykje større del av sitt nasjonalprodukt på media og kultur enn nokon andre europeiske land. Det har dei tradisjonelt gjort for å overleve som ein marginal nasjon. Dei siste åra har dei auka dette krafttaket. Dei har i høg grad vore nøydde til å rasjonalisere og effektivisere også denne delen av sitt arbeidsliv. Men i sum bruker dei meir enn nokon gong før på språk og kultur. Kanskje er Island nå på veg inn i EU. Utanfor eller innanfor, Island kjem aldri til å gi avkall på sin rett til å prioritere eigne medium og kultur. Dei har lese sitt Håvamål: «Eit lite bu er betre enn inkje, heime er kvar mann herre».

Einar Førde