Sonen min skal inn og sone ein samvitsdom for militærnekting. Bergen Byrett, truleg landets hardaste militærdomstol, har dømt han til 90 dagars ubetinga fengsel, fordi han er eit absolutt ikkje-valdeleg og godt menneskje.

No har sonen min fått eit brev frå Bergen Politidistrikt, der han blir kalla inn til konferanse vedkomande soninga — eit brev skrive i ein tone som den berykta nazipolitisjefen Jonas Lie ville nikka anerkjennande til. Det manglar berre innleiinga «skutt blir den som». Han skal møte på fem dagars varsel - inkludert her ei helg - og brevet trugar med at politiet hentar han heime, om han ikkje møter opp. Og «dersom De innbringes for nye straffbare handlinger, må De påregne at soningen framskyndes og iverksettes umiddelbart».

Brevet handsamar sonen min som ein reell eller potensiell serieforbrytar. Brevet vitnar om mangel på alminneleg folkeskikk - men det er formulert etter ordre frå høgste hald, seier Bergen Politidistrikt. Dei har berre handla etter ordre, slik mange gjorde også i 1940-1945.

Så kva seier du, Odd Einar Dørum? Er dette din politikk? Jernhanskar, batongar og ord som minner om ei tid og eit regime vi helst vil gløyme? Sonen min blir registrert som samvitsfange av Amnesty International. Han skal i fengsel fordi han ikkje vil støtte styresmaktene sin politikk. Han blir ein politisk fange i norsk fengsel. Vi ser at andre regime rundt om i verda handsamar samvitsfangar som hardkokte kriminelle. Eg trudde ikkje Noreg var med i den klubben.

ARNOLD FARSTAD, BØNES