Med atterhald om fritolking frå journalistar, meiner eg dette er ei skræmande arrogant utsegn og ein uheldig kommentar frå ein nyutnemnd statsråd.

At han sjølv har økonomi til å boltra seg i gourmetbutikkar, er irrelevant i denne saka. I tråd med Semb-fråsegna lyt den nye regjeringa arbeida for å utjamna prisane til nivåa i våre granneland. Matvareprisane våre må då justerast nedover.

Skal det no vera fritt fram for kjedene å auka prisane? Då kan Bjarne Håkon Hanssens iherdige arbeid vera fåfengt. For oss vanlege forbrukarar var Bjarne Håkon ein god mann.

Gløymer Sponheim at mange òg i vårt land lever langt under fattigdomsgrensa og kvar dag må snu på krona. På den bakgrunn tolkar eg utsegna frå ein så sentral person både som uklok og lite solidarisk.

Kva er dette anna enn ei åtvaring om forverring av levekåra for store grupper — ikkje minst barnefamiliane.

At maten er rein og har god kvalitet er sjølvsagt, men ein lyt også ha økonomi til å kjøpa han.

Difor var utsegna frå venstres nye landsbruksminister både skuffande og uventa. Me vonar han greier å jekka seg ned nokre hakk. Kanskje han då maktar å syna litt samhald med vanlege folk!