I BT den 8. oktober stod det eit intervju med leiar for oppfølgingstenesta og pedagogisk-psykologisk teneste (OT/PPT) i Hordaland, Sigrid B. Andersen. Ho kunne fortelje at ungdom som ikkje kjem inn på den skulen dei ønskjer, kjem til OT/PPT med psykologiske problem. Diverre kjem det ikkje som noko bombe for meg at fleire unge får psykologiske problem i skulen i dag.

Politikarane på fylkestinget fann i førre periode skulesamanslåinger som eit godt verktøy for å spare pengar. Ein administrasjon er billegare å lønna enn to, og det er ikkje krav til like god dekning for rådgjevingsteneste pr. elev når det er mange elevar på ein skule. Kva for eit miljø det vert på desse storskulane, er det verre med. Om ein skal ha utbytte av dei åra ein går på vidaregåande skule, er trivsel og medverknad viktige moment. Når skulemiljøet vert mindre oversiktleg for elevane og deira tillitsvalde, vert påverknadskanalane elevane har mindre demokratiske. Eg trur sjølv eg hadde blitt tussete i hovudet av å prøve å kalle inn til elevrådsmøte, om dette møtet skulle vere sånn lagom representativt for ein elevmasse på 1000 elevar. Når ein slår saman skular berre for å spare pengar, og ingen ting vert gjort for å betre dei elevdemokratiske tilhøva på skulane, får elevane mindre reell medverknad i skulen, og det går igjen ut over trivselen til den einskilde.

I vår vart karakterane for den vidaregåande skule gjort offentleg. Dei skulane som kjem dårleg ut, blir sett på som dårlege skular, og får streng melding frå samfunnet om å ta seg saman. Men ingen spør kvifor nokre skular har lågare karakterar enn andre. Om det har noko med korleis kulturell kapital er fordelt geografisk i fylket, vart knapt problematisert i det heile tatt. Altså: Samfunnet krev at skulane skal konkurrere på like vilkår seg imellom. Det er heilt klinkande klart at ein konkurranse mellom skular vil leggje press på lærarane, som får stempelet «udugelege» av samfunnet, og på elevane som får liknande stempel. Innanfor eit skuleverk kor ein skal lære å samarbeide og utvikle empatiske evner, høyrer ikkje ein slik konkurranse heime; — han vil berre føre til - bokstavleg talt - hovudpine hjå lærarar og elevar som vil krevje fleire einskildvedtak hjå OT/PPT.

Etter fylkestingsvalet fekk me eitt blåare fylkesting. Då Høgre og Framstegspartiet er dei partia som er mest kåte på å få slått saman skular, og som mest av alle ønskjer å innføre konkurranse som berande element i pedagogikken, fryktar eg at OT/PPT vil få mykje å gjere i åra som kjem.

ALEXANDER LUND,

ORGANISATORISK NESTLEIAR

ELEVORGANISASJONEN I HORDALAND