EINAR FØRDE

Ei viktig bok i mitt liv heiter «The Rise of the Meritocracy». Ho kom for 44 år sidan og gjorde sterkt inntrykk som samfunnskritisk satire og spådom om framtida. Om denne boka skreiv eg min første tidsskriftartikkel i Syn og Segn, og ho har vore med meg i alt mitt arbeid med skule og utdanning seinare i livet. Men det er likevel underleg at ho skulle komme tilbake med slik styrke under lesing av Aftenposten Aften. Artikkelen handla om Kristin Clemet og privatskulane.

I boka legg forfattaren, Michael Young, fram ein dyster framtidsvisjon om utdanningssamfunnet som eit nytt og nådelaust klassesamfunn. Når alle får tilgang til utdanning, vil menneska bli sortert på nytt ut frå intelligens og talent. Alle vil kjenne sin plass i hierarkiet. Det nye klassesamfunnet er hardare enn det gamle, for nå kan ikkje lenger dei underprivilegerte hevde at dei aldri fekk den same sjansen som overklassen. Alle har fått sjansen. Youngs meritokrati er vondt, hardt og lagdelt. Denne boka er omsett og seld over heile verda.

Eg har etter kvart fått eit meir avslappa syn på meritokratiet. Dersom menneska først skal sorterast, er det kanskje betre at det skjer ut frå intelligens og talent enn alle dei gamle sorteringsmetodane der pengar alltid var viktigast. Ettersom samfunnet blir meir og meir spesialisert og komplisert, er det ikkje så dumt å peike ut framtidige ingeniørar, hjernekirurgar, økonomar og byråkratar på basis av kunnskapar og skuleprestasjonar. Meritokratiets mest attraktive side var at fordi etterspurnaden etter intelligens vart så sterk og den internasjonale konkurransen så hard, ville sosial klasse, hudfarge og kjønn etter kvart bli mindre viktige.

Eg er meir avslappa også fordi eg har sett at samfunnet vart langt meir fleirdimensjonalt enn i Youngs visjon. Ei verkeleg positiv side ved utviklinga i vårt land er at realkompetansen har vunne ein mest total siger over formalkompetansen. Eg er ein av mange arbeidsgivarar som har tilsett hundrevis i viktige stillingar utan å legge avgjerande vekt på karakterar og gradar frå undervisningssystemet. Vi har spurt: Kva kan du? Kan du bruke det du kan? På slike spørsmål gir karakterane svært upresise og ufullstendige svar. Det blir stadig fleire vegar fram til realkompetansen. I tillegg blir den livslange læringa ein dominerande realitet som hindrar sortering ein gong for alle.

Her er likevel lett å oppdage ein ny skrekkvisjon. Den ligg i kombinasjonen av nye og gamle klasseskille. Vi har nok statistikk som syner at familieøkonomi, sosial bakgrunn, hudfarge og kjønn framleis er viktige faktorar når det gjeld kven som får utdanning og ikkje minst kven som får høve til å avansere i det nye hierarkiet. Dersom dei gamle klasseskilla blir forsterka av dei nye, blir gjerdene mellom menneska dobbelt så høge og gjennomtrengelege. Det er her undervisningsministeren kjem inn.

Ho vil nå auke den offentlege støtta til dei private grunnskolane trass i at statistikken syner at dei alt nå får meir støtte enn mange av dei offentlege skolane. Dette framlegget er akkompagnert av forsikringar om at dette ikkje er eit åtak på den offentlege skulen. Privatskolane skal framleis vere eit supplement, men det skal bli vesentleg lettare å få godkjenning for å opprette privatskolar med offentleg støtte. Eg trur ikkje på desse forsikringane. Dette minner altfor mykje om skulesystem vi kan observere i andre land. Dei beste skolane får dei beste lærarane og dei beste og mest betalingsdyktige elevane. Vi skal samtidig få større fridom til å velje skule. Eg veddar på at det kjem til å ende med meir homogen lærar— og elevmasse i dei einskilde skolane. Det tyder at vi får med oss alle dei gamle klasseskilla inn i utdanningssamfunnet.

Statsråden arbeider samstundes med eit system for å evaluere skolane. Ho vil plukke ut dei beste og finne belønningssystem for dei. Dette er i seg sjølv ikkje ufornuftig. Statsråden fortener ros for at ho så sterkt understrekar at dette evalueringssystemet ikkje skal baserast berre på karakterar. Ho er på jakt etter meir avanserte og mangfoldige mål på kva som er «best». Faren er likevel overhengande for at privatøkonomien til lærarar og elevar etter kvart bli viktigare i den norske grunnskulen.

Mammon har medvind om dagen. Eg vil vurdere å melde meg inn på dagen dersom det dukkar opp eit parti som konsekvent vil arbeide for å redusere Mammons betydning i det norske samfunnet. Det er heilt sikkert at dette partiet ikkje er Høgre. Men kanskje er det andre stader i ferd med å utvikle seg skepsis mot å basere alle samfunnsinstitusjonar på profittmaksimering og økonomiske insentiv. Grunnskulen er ein institusjon som fortener å bli skjerma frå dei verste utslaga av Mammons frammarsj.

Eg er ikkje mot å prøve nye belønningssystem. Men i staden for å gi dei «beste» lærarane med dei «beste» resultata på dei «beste» skolane meir løn, har eg eit alternativ. Eitt av dei fremste kvalitetstrekka ved den norske grunnskulen er at han kvart år bergar nokon tusen elevar inn i arbeidslivet og eit menneskeverdig tilvere. I andre land og andre skulesystem hamnar desse elevane utanfor i ein kvar forstand. Kva med å honorere spesiallærarane som kvar einaste dag arbeider med dei tyngste pedagogiske utfordringane utan at dette kan målast i gode karakterar. Eller: Kvifor ikkje gi stor lønnsauke til dei lærarane som vil arbeide i indre aust i hovudstaden. Dei skolane som har størst etnisk mangfald i elevmassen, dårlegaste språkgrunnlaget ved skulestart, største problema når det gjeld motivasjonen for utdanning og dårlegast privatøkonomi blant foreldra, bør ha dei beste lærarane. Det ville verkeleg vere eit bidrag til kampen mot nye og gamle klasseskille.

Det er mogleg at Kristin Clement og Høgre her er i ferd med å skape ei sak som verkeleg kan mobilisere entusiasme for eit alternativ til Høgre og Framstegspartiet. Eg ser for meg to hovudprogrampostar for slik mobilisering:

Punkt 1. Sats på den offentlege grunnskulen. Det er eit kvalitetstrekk ved det egalitære norske samfunnet at det har innretta ein skule som skulle møte alle barn på grunnleggjande same måte. Denne skulen har redusert klasseskilla, skapt større forståing mellom enkeltmenneska og redusert konfliktane i samfunnet. Ei enkel internasjonal samanlikning fortel det. Dei som ser ein forretningsidé i grunnskolar, bør få prøve talentet sitt på andre område. Kva med fengsel? Det er sikkert heller ikkje nokon god idé. Men dei gjer mindre skade der.

Punkt 2. Avskaff fattigdommen. Partia som strevar med å finne praktisk grep på denne slageren frå siste valkampen, bør ta utgangspunkt i barns levekår og oppvekstvilkår. Dersom dei får sving på dette, blir det vanskelegare å gjere skulen om til ein mekanisme som sementerer nye og gamle klasseskille.