DEBATT

Av Oddbjørn Nesje,

sentralstyret AUF,

leder Arbeiderpartiets Universitetslag

På kontoret mitt har eg ein haug med avisutklipp. Det er ikkje mange som har fått plass på veggen, men eit av dei heng slik at eg til ei kvar tid kan sjå det og minne meg om ei hjartesak mange har. Den er frå BT 23. november 2001 og har overskrifta «Ungdomsskolene ble en suksess». I artikkelen hevdar økonomiprofessor Kjell Gunnar Salvanes ved NHH at den offentlege einskapsskulen truleg er meir lønsam for samfunnet enn eit system med eliteskular m.a. fordi at dei svakaste tener meir på vere saman med dei flinkaste elevane enn det dei flinkaste eventuelt vil tape på å vere saman med dei svakaste. Den totale læreeffekten i den offentlege skulen vert på denne måten sterkare enn om ein skulle hatt eigne skular for dei flinke, og eigne skular for dei svake. Dette har vi ikkje i Norge i dag, og ein kan m.a.o. påstå at det er fare for at læreeffekten kan verte verre dersom ein slepp skulane fri på marknaden slik Høgre, KrF og Venstre i regjering ønskjer det. Dei kan ikkje huske særleg godt sidan dei no, gjennom det nye framlegget til friskulelov, i praksis har opna for at kven som helst kan etablere skular. Ei undersøking i regi av Klassekampen (3. og 4.1.03) syner at t.o.m. utanlandske aktørar får rett til å etablere skular i Norge i konkurranse med den offentlege skulen og norske private skular. I praksis betyr dette at skulemarknaden vert heilt open og at den offentlege skulen vil misse den positive læreeffekten nemnt ovanfor. Dette vil openbert råke dei svakaste elevane fordi mange av dei meir ressurssterke elevane vil forsvinne til private skular. Hugsar ikkje regjeringa korleis det var før vi fekk ungdomsskule for alle? Er dei verkeleg så historielause? Hugsar dei ikkje at realskulen var ein skule for dei teoretisk flinkaste elevane, mens andre måtte over på framhaldsskulen eller i arbeid i ung alder? Dei fleste undersøkingar syner at fleire valde å ta høgare utdanning etter at ungdomsskulen for alle vart innført. Ein slapp å dele ungdom inn i kategoriar slik ein hadde gjort tidlegare: Dei med og dei utan realskule. Eit av dei viktigaste formåla med einskapsskulen er at fleire skal kunne ta høgare utdanning og at foreldra si lommebok ikkje skal vere avgjerande for kva skule ungane hamnar i. Difor er skulefrislepp-prosjektet regjeringa held på med svært farleg. Spesielt for vanlege folk som ikkje vil få råd til å sende ungane sine på dei dyre skulane. Utdanning bør ikkje vere ei vare som vert omsett på ein open marknad. Difor er det positivt at Arbeidarpartiet ved tidlegare utdanningsminister Trond Giske no tek til orde for at Stortinget bør stemme ned den nye lova. Arbeidarpartiet ønskjer å betre den offentlege skulen til det beste for alle , ikkje etablere eit system der kven som helst kan drive skular. Faren for at dette vil skape skular for dei med råd og skular for dei utan råd er for stor. Norske foreldre skal sleppe å forklare borna sine kvifor naboborna går på ein annan og betre skule. Arbeidarpartiet fryktar ein kvardag der foreldre snakkar om skulen deira og skulen vår .