DEBATT

Av Anders Folkestad, leiar i UHO

Helseminister Dagfinn Høybråten har nyleg refsa kommunar som sviktar skule— og helsestasjonstenesta. På ein konferanse karakteriserte han det som korttenkt å spare pengar på dette området. Det er UHO samd i.

Men mange kommunar er korttenkte . Skulehelsetenesta er sveltefôra. Det viser ei undersøking TNS Gallup har gjort for UHO i eit representativt utval av norske kommunar. Helsetilsynet fann i 2000 store manglar ved skulehelsetenesta, og kravet om å styrke dette tilbodet var massivt. Likevel: Sju av ti kommunar har ikkje styrkt skulehelsetenesta dei to siste åra, i følgje UHO-undersøkinga. Åtte av ti kommunar har heller ikkje planar om å gjere noko det komande året. Dette er situasjonen sjølv om 800 nye årsverk er tiltenkt skule- og helsestasjonstenesta berre gjennom opptrappingsplanen for psykisk helse.

UHOs undersøking viser at noko har gått gale, heilt gale. Den planlagde opptrappinga av skulehelsetenesta har slått heilt feil. Igjen ser vi at det er langt frå plan til praksis. Det er ei fallitterklæring for dei ansvarlege - staten og kommunane - når resultata manglar. Og det svekker tilliten til styringssystemet vårt. Det er ille at dette gong på gong rammar barn og unge.

Skulen er ein fellesarena der lærarar og helsearbeidarar kan møte kvar einaste elev mellom seks og nitten år. Skulehelsetenesta - med helsesøster, fysioterapeut og lege - er forankra i sjølve skulemiljøet, og arbeider i nært samarbeid med lærarar og skuleleiarar. Det ligg ein formidabel - men altfor lite påakta - samfunnsgevinst i dette samspelet med tanke på oppvekstmiljø, læringsmiljø og trivsel. Skulehelsetenesta kan vere kjernen i eit tverrfagleg førebyggande arbeid, der også andre aktørar er med, til dømes politi- og lensmannsetaten, barnevernet og frivillige organisasjonar. Å satse på dette, er å satse på folkehelsa. Eg tvilar ikkje på helseministerens engasjement og gode intensjonar. Men kva for verkemiddel vil han og regjeringa bruke for at kommunane skal satse på barn og unge?

Dette spørsmålet er aktuelt også i samband med at regjeringa sin nye strategiplan for barn og unges psykiske helse er lagt fram. Korleis kome frå plan til praksis når det i planen heiter at «minimum 20 prosent av de øremerkede midlene bør (sic!) rettes mot barn og unge»?

UHO meiner at staten i langt større grad må følgje opp og kontrollere bruken av øyremerka opptrappingsmidlar. Blir ikkje midlane brukt på barn og unge slik intensjonen er, må det sanksjonerast. I det lange løp gagnar det lokaldemokratiet at politiske planar og lovnader blir sette ut i livet. Det er ikkje nok at ein statsråd hevar stemma frå ein talarstol.