PER MARIFJÆREN per.marifjaeren@bergens-tidende

Både 17-åringen sjølv og mor hans reiste saka, som er spesiell fordi den kjem opp så kort tid etter at saksøka-ren var ferdig med grunnskulen.

I liknande saker har det gått mange år før søksmåla mot skulen har hamna i retten.

Allereie i grunskulens 2. klasse var det klart at 17-åringen hadde spesielle lese— og skrivevanskar, og han vart seinare diagnostisert som dyslektikar. Evnemessig var han «gjennomsnittleg eller betre». Saksøkaren meiner at skulen brukte for lang tid på å erkjenne problema han sleit med. Dei ekstra ressursane som omsider kom, var ikkje riktige for eleven. Dermed gjekk guten ut av grunnskulen i 1999 med store faglege hol, og i retten kjempa han for dekning av det framtidige økonomiske tap dette vil gje.

Balestrand kommmune hevda i retten av dei gav den undervisinga som var mogeleg. Det er rett at guten burde hatt betre hjelp dei første åra, men det var foreldra som ikkje godtok tilbodet frå skulen.

Ytre Sogn heradsrett har lagt stor vekt på at spesialistane ved Søreide kompetansesenter i starten oppfatta eleven for å være i grenselandet for utgreiing med tanke på dysleksi eller AHDH. Vidare la mora fram eit notat som skulen skal ha motteke, der ho krev at sonen får betre tilrettelagt undervising. Men skulen har ikkje registrert å ha motteke notatet, slik mora hevdar. Retten finn heller ikkje å kunne legge til grunn foreldra si forklaring om at dei kravde guten oppmeld til PPT gjennom 4. og 5. klasse.

Dette er sentrale punkt i disfavør av saksøkaren, og retten konkluderer etter ei samla vurdering at skulen erstatningsrettsleg sett ikkje kan bebreidast i saka.

Men skulen hadde personell som skulle vere kvalifiserte til å avdekke kva behov eleven hadde, men at elev-ens tilstand ikkje entydig tilsa ytterlegare utgreiing og tiltak.

Sjølv om mor og son tapte fullstendig, har saka bydd på såpass tvil at dei slepp å bere motpartens sakskostnader.