STOLMEN: — Dette skal vi få til, for det er no det byrjar å bli interessant. Eg for min del skal vera med og opna nokre dører, seier tidlegare stortingsrepresentant Magnus Stangeland med stor entusiasme til Bergens Tidende.Utdanningsdirektøren i Hordaland, Kjellbjørg Lunde, er derimot skeptisk.Men folket på Stolmen tek ikkje eit negativt signal for eit endeleg avslag. Dei stura berre ein dag eller to etter at kommunestyret i Austevoll sa plent nei til å oppretthalda skulen deira.Saman med Magnus Stangeland brettar heile bygdefolket opp ermane og grev djupt i pengepungen for å dekka ein stor del av driftsutgiftene til prosjekt kystkulturskule som skal vera eit tilbod for elevar langt utover kommunegrensene.- Det skal ikkje stå på pengane! seier Edvard Johannes Stangeland som er ei av eldsjelene. Saman med fleire andre gjekk han i banken før kommunestyret og tok opp eit personleg lån på 600.000 kroner for å finansiera ein del av lærarlønene.Men denne summen var berre meint som ei privat handsrekning til kommunen det første året. I lengda må andre institusjonar delta.- Det ville vera ei skam om ikkje også kommunen skulle vera med å dra lasset! meiner Magnus Stangeland som sjølv har gått sine barnesko på skulen der vest ved havet. Han er overtydd om at både Norges Fiskarlag, Norsk Råfisklag, Norges Makrellag, Fiskebåtredernes Forbund og Norges Sildesalgslag vil sjå seg tente med å støtta ein skule som vil vera viktig for å sikra rekrutteringa til fiskaryrket. Saman med noverande DOF-direktør Magnus Stangeland har Edvard Johannes Stangeland, Martha Våge, Bjørg Stangeland Njåstad, Steinar Aarland og Per Otto Årland gått i lag for å leggja konkrete slagplanar. Men dei innser at båten er gått for komande skuleår. Først av alt gjeld det å sikra seg skulebygget, slik at ein kan koma i gang med undervisning frå neste haust.Utdanningsdirektør Kjellbjørg Lunde har berre godord om det pedagogiske opplegget for Stolmen skule, slik det har vore til no. Men ho er likevel skeptisk til dei vidare planane:- Slik finansieringa og undervisningsopplegget er tenkt, må skulen eventuelt søkja om å koma inn under privatskulelova, men det er alt anna enn lett. Eg kan vanskeleg skjøna at skulen vil bli godkjent på det grunnlaget, seier Lunde til Bergens Tidende.