OVE A. OLDERKJÆR ove.olderkjaer@bt.noStord

Den yngste av asylsøkjarane, ein 25 år gammal kurdar, er dømt til fire og eit halvt års fengsel for tre valdtekter av ei 12 år gammal Husnes-jente som forelska seg i han. Han må no betala 120.000 kroner i erstatning til jenta.

I tillegg er han dømt for valdtektsforsøk mot ei jente som var 13 år då utukta skjedde i fjor sommar. Denne jenta er tilkjent 90.000 kroner i erstatning av 25-åringen.

Den eitt år eldre kurdaren er dømt til to og eit halvt års fengsel for valdtekt av ei Husnes-jente som var 12 år då overgrepet skjedde i fjor sommar. 26-åringen må betala henne 90.000 kroner i erstatning.

Begge dei to tiltalte nekta i den lukka rettssaka for å ha hatt seksuell kontakt med jentene. Men etter blant anna 21 vitneavhøyr er retten overtydd om at dei fornærma har snakka sant. Dommen mot 26-åringen er i samsvar med påstanden frå aktor Ellen Cathrine Greve.

25-åringen si straff er eit halvt år kortare enn aktoratets påstand. Til frådrag frå fengselsoninga kjem 247 dagar i varetekt for 25-åringen og 238 dagar varetektsfengsling for 26-åringen.

Ifølgje domspremissane hadde 25-åringen eit langvarig kjærleiksforhold til ei av dei 12 år gamle jentene. Då det hausten 1999 gjekk rykte om at han hadde gjort henne gravid, søkte han om å bli overflytta til eit anna asylmottak.

Begge dei tiltalte har sagt at dei visste om alderen til jentene, og at dei var blitt orienterte om den seksuelle lågalderen på 16 år i Noreg.