— Dette er tragisk og voldsomt trasig, seier Jondal-ordførar John Skogseth, leiar i Hardangerrådet. Sidan 90-talet har han og dei andre Hardanger-ordførarane gong etter gong etterlyst meire pengar til sikring av vegane.

— Vi føler ikkje at vi har nådd fram. I alle uttaler til statsbudsjett og vegplanar har vi understreka at rassikring må prioriterast, seier Skogseth.

Han meiner det er Stortinget som må ta ansvaret for at arbeidet ikkje har kome lengre. I februar kravde sju skredutsette fylke, blant andre Hordaland, 15 milliardar kroner til sikring av vegar.

Berre i Hardanger er prisen for å sikre vegane skikkeleg sett til meir enn ein milliard kroner. Bondevik-regjeringa lova i forfjor å løyve om lag ein fjerdedel av dette ý 280 millioner kroner ý til arbeidet i Hardanger-regionen.

— Vi vart lova eit skikkeleg løft i 1996, den gongen Stortinget sa nei til Hardangerbrua. Det har vi sett lite til, vi har fått nesten berre småpengar, seier Odda-ordførar Toralv Mikkelsen. Han innser at det ikkje går an å sikre seg heilt og fullt mot skredulykker i bratte Hardanger.

— Men mykje meir kunne vore gjort. Vi ser gong etter gong at skredoverbygga er for korte i båe endar. Dødsulykker som denne minner oss på at vi må gjere meir, seier Mikkelsen, som meiner Stortinget må løyve meir pengar.

Dagleg leiar i Hardangerrådet, Leiv Anders Vambheim, bur i Eidfjord og køyrer kvar einaste dag forbi staden der snøen tok to liv i går.

— Av og til sit eg og ser opp i lia, når veret er slik at eg veit det kan vere fare på ferde. Sikringsarbeidet har gått framover, men veldig trått, seier Vambheim.