For stutt tid sidan stod ein kristenleiar offentleg fram og vedgjekk at han hadde vore utru. Han sa frå seg alle verv i kyrkjelege samanhengar og orienterte dei han hadde arbeidd i lag med der. Dette var ryddig framferd og i samsvar med overtydinga hans. Dei han samarbeidde med, verdsette også at han var open mot dei og respekterte avgjerda hans. Så langt, så godt.

Men så kom turen til meg. Ei kristeleg avis trykte eit brev frå mannen og ei rekkje kommentarar frå personar som kjende mannen godt. Fleire riksmedia kasta seg snart over saka sidan dei jo er langt meir interesserte i det som skjer nedanfor dei kristelege bukselinningane enn over rundsnippane. Eg tykkjer det er leit når eit menneske og ein familie (eller fleire) opplever noko som splittar og bryt ned. Men trong eg vita dette? Har eg noko med denne mannens vedkjenning? Er dette eit mistak heile landet treng opplysast om? Eg vil svara nei. Mannen har ikkje krenkt meg, eg har ikkje noko å tilgi han, eg ønskjer ikkje å hugsa han for feilsteget, men heller for alt det gode han har stått for. Om dei seksuelle syndene høyrer til dei som det snautt er gløymsle for på jord, så er dei då ikkje mellom dei som det ikkje finst tilgiving for.

I vår iver etter ærlegdom og sanning både privat og i lag og organisasjonar, og ikkje minst i media, må vi skilja mellom det opne og det offisielle, mellom vedkjenninga til dei som saka vedgår, og opplysningar til uvedkomande. Elles kan vi stå i fare for å gjera skriftestolen om til gapestokk.