ARNE HOFSETH arne.hofseth@bergens-tidende.noTett som sild i tønne sat og stod dei i heradsstyresalen på Dale. Fleirtalsframlegget frå formannskapet om å leggja ned legekontoret i Vaksdal senter, og sentralisera legetenestene til kommunesenteret, ville dei ikkje finna seg i.Og dei stakkars folkevalde våga ikkje anna enn å bøya seg. Med kritisk publikum tett innpå livet, og ein liten sving med ei og anna partipisk, vart det fleirtal for å ha ope legekontor minst tre dagar i veka også på Vaksdal, med 17 mot 12 røyster.At Senterpartiet i dette tilfellet røysta for sentralisering, forundrar ingen. Avstanden mellom Vaksdal og Dale vert køyrt på 15 minutt, jamnlenge med pausen i kommunestyremøtet. Frå Sp-land som øvst i Eksingedalen, er det milevis til næraste legekontor, uansett om ein veljer Dale eller Voss. Dei er mest opptekne av at alle krinsane får ha barneskulen sin.Bussferda i går vitnar om at striden mellom tettstadane Vaksdal og Dale i Vaksdal kommune ikkje er lagt heilt død, sjølv om Vaksdal har fått ordføraren for første gong på mange tiår. Folk på Vaksdal legg stor vekt på å oppretthalda tenestetilboda dei har. Det er i denne enden av kommunen (nærast Bergen) ein har størst von om å få til auka bustadbygging. Eit debatt-tema i budsjettmøtet var om legar vil søka seg til ein praksis med pliktdagar på utekontor, og om pasientar reiser ut av kommunen når fastlegeordninga vert innført. I same "pakken" vedtok kommunestyret, med vekslande røystetal, også at symjehallen på Dale skal haldast open, og ei nedbygging av bibliotektilbodet vart droppa.Budsjetteringa har vore svært vanskeleg i Vaksdal denne gongen. Først 22 dagar inne i budsjettåret vart vedtak gjort.

PÅ VAKT: Ein busslast frå Vaksdal passa på at kommunestyret ikkje la ned legekontoret i Vaksdal senter då kommunestyret hadde budsjettmøte på Dale i går. FOTO: KNUT EGIL WANG.