Boka «Då hjarta brast» er Wenche Marie Eriksen (51) sin hyllest til dei to borna sine, og ein sjølvterapi for livskrisa etter tapet av det eine barnet. Positive reaksjonar på dei direkte og ærlege tekstane om kjensler, draumar, tankar, liv og død, smerte og glede har fått Stord-kvinna til å mangfaldiggjera produktet på eige bokforlag.

— Positiv historie om sorg

— Boka er ei positiv historie om sorg. Eg har vrengt innsida mi ut, og står fram som eit heilare og sterkare menneske etter prosessen, seier Wenche Marie Eriksen til Bergens Tidende.

— Eg synest det er viktig å få formidla at ein kan føla glede att etter slike opplevingar. Det er ei optimistisk bok, seier Eriksen.

— Det er viktig at også oss vanlege menneske fortel om korleis vi opplever slike kriser, ikkje berre ekspertar. Sjølv folk som ikkje har opplevd sorg kan ha nytte av å vi tenkjer og reagerer i ein sorgprosess.

Brått og brutalt

Samfunnsengasjerte og aktive Bror Tarjei Eriksen leid av diabetes. Han og familien var innforstått med at sjukdommen kunne gjera livet hans kortvarig. Likevel kom døden brått og brutalt.

Ein sundagsmorgon hausten 1998 fann mora han livlaus i senga si.

— Det var som ein vegg i stova fall ut, seier Wenche Marie Eriksen, som etter tapet av sonen la lok på sorgprosessen sin, og fekk betala for det.

— Berre fjorten dagar etter at han døydde reiste eg til Bergen og heldt fram journalistutdanninga mi. I ettertid såg eg at eg langt tidlegare burde kome i gong med samtaleterapi.

Etter 16 år som typograf på Stord omskulerte Eriksen seg til journalist, og fekk seinare arbeid i Os & Fusa Posten. Men sorga arbeidde i henne, og tre år etter tapet av Bror Tarjei møtte ho veggen. Migrene, høgt blodtrykk, skrivesperre. Ho var utbrent.

Under huda

Då Wenche Marie Eriksen søkte profesjonell hjelp, oppfordra terapeuten henne til å skriva ned alle draumar og kjensler. Det var starten på boka, som i tillegg inneheld dikt og tekstar skrivne av Bror Tarjei Eriksen.

— Eg var veldig redd for å gje ut boka. Det er så personleg. Men kanskje det trengst. Koma folk under huda. Det som kjem frå hjartet, treff hjartet, seier Wenche Marie Eriksen.

MISTA SONEN: Etter ein lang sorgprosess over tapet av sonen, har Wenche Marie Eriksen gitt ut bok om livskrisa. Ei optimistisk bok, seier ho.<p/>FOTO: OVE ARNE OLDERKJÆR