Folk skrapar lodd i von om å vinna den store premien som enno ikkje har openberra seg på loddsetelen.

Folk gamblar og tippar og skrapar som aldri før. Og det går ikkje alltid problemfritt for seg.

Tippelag hamnar i retten når premien skal fordelast; vona om store gevinstar fører ikkje berre til økonomiske oppturar, men også til personleg katastrofe og vonde nederlag i heim og samfunn. Ein kan spela på så mangt, verst skal det vera med hest, har vi forstått, men også ved einarma bandittar og skranglande pengemaskiner på danskebåtar og kjøpesenter, innleier folk i alle aldrar livsvarig galskap eller kortsiktig ruin. Speletyranniet er over oss, og mykje kunne vore, og vert, sagt om det.

Men noko som undrar, og jamvel irriterer, er at tippegevinstar og lottotal vert tekne med som nyhendepostar på linje med sportsresultat og kursfall.

Likeins at NRK sender eit eige trekningsprogram i beste sendetid kvar laurdag. Det er å løfta desse høgst lovlege, men for mange likevel tvilsame, i alle fall diskutable, aktivitetane inn i samanhengar der dei ikkje høyrer heime. Vi veit at mange har problem med pengespel. Av den grunn burde vi vera varsame med å gjera slike aktivitetar til nyhendemeldingar eller familieunderhaldning.

Men slik det no er, er dette eit av dei felta der STATEN tydelegast stikk hovudet fram i statskanalen og markerer revir. Så spørst det om det er slik staten ønskjer å profilera seg i sitt fremste massetalerør, NRK, og om marknadskreftene går framom etiske vurderingar. At mange av oss finn slike innslag uinteressante, er eit mindre problem; vi kan jo berre skifta kanal, eller endå betre: Slå av og gå ut og skrapa maling!

VIGDIS BERLAND ØYSTESE