Dårleg avskyting, ikkje minst frå Stad og nordover, er årsaka til at Fiskeridirektoratet no vurderer tiltak for å auke interessa for seljakt. Av årets kvote på totalt 1244 steinkobbe, havert og ringsel, er i enkelte område berre knapt halvparten felt.

— Særleg i nord, der større skilnader på flo og fjøre gjer jakta vanskelegare, har det vore felt få dyr, seier kontorsjef Ragnar Sandbæk i Fiskeridirektoratet.

Økokjeden

Fiskeristyremaktene meiner det er dokumentert at veksten i selbestanden langs kysten rotar til den økologiske balansen.

Steinbit er ein delikatesse for kystselen, og dei siste åra har bestanden av steinbit gått ned. Det får konsekvensar nedover i økokjeden. Steinbiten forsyner seg grovt av kråkebollar som beiter på tareskogen. Når steinbitbestanden blir redusert, aukar talet på kråkebollar. Det går igjen utover tareskogen, som forskarar meiner er i ferd med å forsvinne mange stader.

I tillegg meiner havforskarane at kystselen er viktigaste verten for ringormen kveis. I fleire område er lokale fiskestammer infisert av kveis, og selen får skulda.

Nei til proffe jegerar

— Det har lenge vore eit ønskje om å få betre avskyting. Vi har vurdert fleire tiltak, og kjem nok til å ende på ein kombinasjon av utvida jakttid og skotpremie. Så langt har vi ikkje drøfta storleiken på premien. Enkelte meiner 500 kroner, andre 1000, seier Sandbæk.

Direktoratet har også vurdert å organisere jaktlag av meir eller mindre profesjonelle jegerar.

— Men kostnadene med å drive jaktlag blir fort relativt store. Difor har vi førebels ikkje gått inn på ei slik ordning, seier Sandbæk.

Det er ikkje avgjort kor stor utvidinga av jakttida blir i 2002. I år har det vore seljakt frå 2. januar til 30. april og frå 1. august til 30. september i områda sør om Stad. Det er heller ikkje avgjort om jaktkvotane for kystsel skal aukast neste år.