Kva KrF vel å gjera internt er ikkje ei sak for oss, men når Tungesvik så tydeleg forsvarar andre middelaldrande menn med maktposisjonar og deira tafsing på jenter som er halvparten så gamle, kan ikkje dette skje utan at nokon reagerer.

Det er overraskande at ein psykiater går ut og forsvarar den eine parten så sterkt som det Tungesvik gjer i Bergens Tidende. Når dette skjer oppnår han ei mistenkjeleggjering av kvinner som melder frå om seksuell trakassering. Om dei kjenner seg krenkte er dei sjølvsagt i sin fulle rett til å ta dette opp, seier Tungesvik. Men som psykiater burde Tungesvik vita at det for det fyrste er store mørketal når det gjeld seksuell trakassering og seksuelle overgrep mot kvinner, og for det andre at mange kvinner aldri fortel dette til nokon av di dei trur det er deira eigen feil, det er for personleg og flaut, eller dei ønskjer berre å fortrengje det som skjedde. Dette syner at det ikkje først og fremst er mannen i slike saker som treng eit vern. Det er synd når nokon blir meldt for noko dei ikkje har gjort, men dette er ikkje hovudproblemet i saker som omhandlar seksuelle overgrep.

Seksuell trakassering er uynskt seksuell merksemd. Det er urovekkjande at kvinner blir latterleggjort i media som i «KrF-sakene» i sommar. Dette fører i alle fall ikkje til at det blir enklare for kvinner å seie frå om seksuelle overgrep eller seksuell trakassering. I staden for å forsvare middelaldrande menn som tafsar på unge damer, burde Tungesvik ta eit initiativ for å få slutt på rettferdiggjering av seksuell trakassering og overgrep av di utøvaren er ein mann, kvinna så freistande.

RAGNHILD BJØRGE,

ASTRID SVERRESDOTTER DYPVIK,

HILDE LYSENGEN HAVRO,

GUDRUN KLØVE JUUHL,

EVA MARIE MELING MATHISEN