OVE A. OLDERKJÆR ove.olderkjaer@bt.noStord

Han følte seg utsoven, opplagt og hadde ikkje smakt alkohol. Likevel duppa skipperen av midtvegs i Bømlafjorden like etter midnatt 5.april. I dei ti-tolv minuttane han sov, sigla «Nico» på strak kurs mot Moster-landet og gjekk der på eit undervasskjer med 650 tonn varm asfalt i rommet.

Ein mann for lite Det kom i sjøforklaringa på Stord i dag fram at fartøyet hadde eit mannskap på tre på seglasen mellom Karmøy og Stord, som er ein mann for lite ifølgje minimumsreglementet. I mange minuttar før samanstøyten var «Nico» også utan to mannskapsmedlemmer på brua, som er påkravd. Lettmatrosen som skulle på vakt sat i køya si klar til å stå opp då det small.

MS «Nico» blei freista dregen av skjeret dagen etter grunnstøytinga, med det resultatet at fartøyet kvelva og blei kondemnert. Bergingsselskapet Eide Marine Service, fjerna skipet dagen derpå, og er i dag eigar av vraket som blant anna inneheld rundt 500 tonn størkna asfalt.

Osterfrakt AS hadde spandert halvannan million kroner på utbetring av «Nico» berre ein månad før grunnstøytinga.

To av dei tre som var om bord på uhellseglasen er medeigarar i båten. Eit fjerde mannskapsmedlem hadde gått i land i samband med lastinga på Karmøy for å nå eit livbåtkurs i Bergen. Vikaren hans nådde ikkje fram til Karmøy, han skulle mønstra på på Stord dagen etter.

Uforståeleg – Eg er frisk, eg følte meg ikkje trøytt, eg forstår ikkje kvifor eg sovna. Eg sette meg i stolen og venta på å endra kurs ved Nappholmane. Så vakna eg ikkje før eg høyrte eit dunk som eg først trudde kom frå ein tømmerstokk i sjøen, forklarte skipperen i forklaringa for sjøretten sett på Stord, administrert av Hedvig Moe.

– Ja, eg var fullt klar over at bemanninssertifikatet tilseier fire mann på vakt. Vi segla likevel. Det var berre ein tur på to og ein halv time, forklarte skipperen på spørsmål frå sjøfartsinspektøren i Kristiansand, Cato Borch.

Skipperen var medeigar i «Nico» saman med den 50 år gamle matrosen og maskinpassaren som stod på brua like før båten rende på land ved Totland på Moster.

Også 50-åringen sa i sjøforklaringa at han var klar over kravet om fire manns besetning, og la til at det likevel ikkje var diskusjon om dei skulle ta turen ulukkesnatta. Han hadde nett gått av vakt og stod ved grunnstøytinga i maskinverkstaden der han hadde innteke ei flaske øl.