— Eg såg ikkje konturane av eit apparat som fungerer, seier medieforskar Knut Helland som var med i uhellstoget.

Han opplevde det slik at konduktørane var i villreie, at det ikkje fanst beredskap for korleis dei skulle skaffa mat og drikke, og takla andre uventa situasjonar. Informasjonen til dei reisande vart tilsvarande mangelfull. Andre opplevde å måtte venta lenge på busstransport.

— No var ikkje dette noko alvorleg ulykke, men det er lett å tenka seg at det kunne ha gått mykje verre, og då er det vi opplevde lite tillitsvekkande, seier Helland til Bergens Tidende.

Improvisasjon

— Det er fryktelig leit at mange fekk ei svært dårleg reise med NSB, seier informasjonssjef Arvid Bårdstu i NSB til Bergens Tidende.

Han har forståing for at reisande opplevde situasjonen som prega av dårleg organisering, men mykje, ikkje alt, kan tilskrivast ein serie av uheldige omstende.

— To uhell eller ulykker er aldri like, og Bergensbanen går gjennom eit område som tilseier at det uansett beredskapsplan må improviserast ein del. Det same gjeld for ekspressbussane som berre har ein sjåfør med. Ut frå tilgjengeleg informasjon må det takast ein del avgjerder, der og då, som i ettertid viser seg uheldige, seier informasjonssjefen i konsernet.

Økonomi

Bårdstu avviser at 800 nattogpassasjerar vart sende ut på ei stengd jerbaneline fordi billettpengane tel meir enn velferden til dei reisande. Billettar til ei reise som aldri byrjar, må refunderast fullt ut.

— Då nattoga forlet Bergen og Oslo var det rekna som sikkert at dei maksimalt ville bli ein time seine på grunn av uhellet ved Haugastøl. Å køyra buss ville ta minst halvannan time meir. Diverre tok det lengre tid å rydda lina, seier Bårdstu. Knut Helland meiner at NSB burde ha ein avtale med verksemder som kan levera mat ved uhell langs lina, denne gongen til dømes ein pizzarestaurant på Geilo.

— Vi fekk flott service hjå Rustad Kafe på Sokna som svinga seg rundt og leverte 300 påsmurte baguettar då nattoget kom til Flå stasjon, fortel Bårdstu.

Men andre passasjerar var ikkje like heldige. Hotella som til vanleg vert spurde, måtte melda pass denne gongen.