Eit av dei mest interessante og forunderleg lite påakta framlegga i statsbudsjettet gjeld skattelette i form av fritak for arbeidsgivaravgift og personleg inntektsskatt når bedrifter kjøper private helseforsikringar for tilsette. Regjeringa meiner at slike private helseforsikringar vil «stimulere private behandlingsalternativer, slik at man får en konstruktiv konkurranse mellom det offentlige og det private helsevesen som på sikt kan styrke det offentlige helsevesen». Det høyrest fint ut, men folk med nokolunde utvikla skeptisk sans bør stille spørsmålet om ikkje hovudformålet med framlegget ligg i første del av setninga, nemleg å stimulere private helsetilbod. Eg har sett at LO kallar framlegget skattelette for å gå framfor helsekøen og meiner at det vil trekke ressursar bort frå det offentlege helsetilbodet. I alle fall er dette ei ordning som er vel innretta mot feite lommebøker og god jobbstatus.

Det kan tenkast at ei slik ordning på avgrensa område kan medføre betre utnytting av dei norske helseressursane. Men dersom det får eit visst omfang, vil dette stadig meir populære frynsegodet først og fremst stimulere til ulik handsaming i helsekøane. Dessverre er det som oftast slik at dersom nokon kan betale seg fram i køane, må andre vente. Dersom mange betalar, blir det trongt om å stå først og enda lenger fram for dei som ikkje kan, vil eller får betale seg fram. Eg er av dei som meiner at eit avansert og vel fungerande offentleg helsetilbod som i prinsippet møter alle borgarar på same måte, er ein av dei mest umistelege kvalitetane ved det norske samfunnet. Framlegget frå regjeringa gir oss høve til å repetere kva prisen er for eit slikt kvalitetstilbod. Den prisen kan ikkje berre målast i pengar.

Den viktigaste prisen for helse som kollektivt gode er at vi alle må akseptere lik handsaming. Kollektive gode skal møte alle likt uavhengig av inntekt og sosial status. Dei må til og med ha ei avvisande haldning til alle forsøk på å omgå prinsippet om generalitet. Dette er eit håplaust gamaldags prinsipp i forhold til våre dagars tendensar til å gradere tenester etter betalingsevne. Den stadig aukande middelklassen er vane med å kunne kjøpe seg personlege tenester og føremoner frå advokatar, bokhaldarar, eigedomsmeklarar og dei fleste andre profesjonar. Mange av dei mislikar at dei ikkje kan gjere det same med dokterar og sjukepleiarar. Men ei god kollektiv teneste gir ikkje rom for denne typen personlege føremoner.

Pris nr. 2 gjeld pengar. Eit godt offentleg helsetilbod kostar. I mange år har vi observert at Norge brukar etter måten mindre av sitt bruttonasjonalprodukt på helse enn mange land vi elles samanliknar oss med. Ei av forklaringane på det er at det kollektive finansieringssystemet har ein effektivitet som privatiserte og fragmenterte ordningar ikkje kan konkurrere med. Men det er ikkje heile sanninga. For å sikre denne kvaliteten ved det norske samfunnet, burde vi truleg bruke meir pengar på det offentlege helsetilbodet. Det er ein av dei underlege sidene ved det norske folket at dei betaler nær sagt kva som helst for å halde seg med unødvendig høg bustadstandard, men har djup motvilje mot at helse og medisinar skal koste. Bortsett frå dei vanlege overboda frå den til ei kvar tid sittande opposisjonen, har vi forunderleg lite debatt om kva eit godt offentleg helsetilbod bør koste.

Helseministeren er mest synleg når han tek tak i alternativ medisin og inspirasjonen frå Kina. Truleg burde han gjere ein meir heilhjarta innsats for 99 prosent av helsestellet han har ansvaret for og som berre i liten grad får glede av slike vidunderlege landevinningar.

DEN TREDJE PRISEN for godt offentleg helsestell er prioriteringar. Lønning-utvala gjorde ein fortenestefull innsats for å stimulere ein debatt om kva som er viktigaste og mest fornuftige arbeidsoppgåver for ei offentleg helseteneste. Den debatten burde pågå kontinuerleg, særleg blant dei som har politisk ansvar. Nokre av dei største trugsmåla mot det kollektive godet kjem frå dei som meiner at helsestellet bør vere i front i all bruk av avansert og ny teknologi. Den avanserte kirurgiske nyvinninga vil alltid kunne pårekne medvind når dei som forvaltar slike profesjonar får journalistar til å opptre som mikrofonstativ for auka ressursbruk på sitt fagområde. Særleg effektivt blir det når ein i tillegg kan syne fram eit stakkars medmenneske som ikkje får denne mest avanserte handsaminga. På den andre sida er det lett å appellere til at helsestellet burde ta seg av alle våre plager. Dei færraste av oss meiner at vi har perfekt helse. Det er alltid ein føflekk eller ei vorte som kan fjernast, ein dårleg rygg som bør undersøkast, ei rynke som burde vore glatta ut eller ein skrantande potens som kan stimulerast. Eg ser nå at mange av dei viktige helsekøane er på retur. Det er gledeleg, men då er det kanskje tid for at ein eller annan modig politikar seier at det er ein illusjon å fjerne alle helsekøar. Vil vi halde oppe kvaliteten på vårt offentlege helsetilbod, må nokon ha mot til å seie at vi ikkje kan handsame alle for alt heile tida. Det vil også gi bra rom for private og alternative helsetilbod.

Forsvar og krig er snart det einaste området der alle meiner at kollektive løysingar fungerer betre enn alternativa. Eg skal halde fram med å argumentere for det same når det gjeld utdanning og helse. I helsesamanheng er faktisk den vitskaplege og teknologiske utviklinga eit argument for å styrke dei kollektive ordningane. Vitskapen kan snart identifisere alle våre skrøpelege gener og slik avskjere stadig fleire av oss frå private sjukeforsikringsordningar. Alt i dag er kreft og hjarteinfarkt, hiv, revmatisme, MS, Downs syndrom og diabetes ekskluderande for dei som ønskjer seg del i regjeringas nye skattelette. Røyking og alkohol er undervegs og etter kvart vil vitskapen ekskludere nye titusenar av våre medborgarar. Dette samfunnet blir meir inkluderande og varmare dersom vi held fram med å sjå alle våre lidingar og plager som eit felles ansvar.

Det største trugsmålet kjem likevel frå den typen retorikk som Carl I. Hagen har omgitt seg med i mange år. I hans system er alle helsekøar borte. Alle skal med finansiering frå folketrygda kunne få den handsaminga dei ønskjer. Han lovar eit mirakel. Ein kraftig auke i helsetilbodet skal ikkje ha konsekvensar for andre samfunnsområde og slett ikkje føre til høgre skattar. Men mirakel skjer så sjeldan. Urealistiske forventningar er ikkje berre ei bombe under vår nasjonale økonomi. Dei truar også livskrafta til vårt finaste kollektive gode, eit rettferdig og bra helsestell.

EINAR FØRDE