Eit døme :

Ved siste likning i Ap-staten hadde ei tobarnsmor med kr 56.200,— i skattbar inntekt kr 14.902,- i utlikna skatt.

Ein skuleelev i same familie hadde kr 50.100,- i inntekt og kr 11.506,- i skatt.

Aksjeskatt, kapitalskatt, konsernskatt og skatt på aksjespekulasjonar er derimot fråverande.

AP-regjeringa har så langt synt ingen vilje til å innføra Tobin-skatt !

Det ser ut som om skatt og avgifter vert eit hovudtema i valkampen. Me veit kva Høgre vil ha, det er tradisjonell skattelette som i all hovudsak tener dei høgtlønte og folk med sterk økonomi. Men kva meiner Ap, representert her i Hordaland ved fyrstekandidat Ranveig Frøiland ?

Kan Hordaland Arbeidarparti verkeleg gå til forsvar for at lågtlønte arbeidstakarar og skuleelevar/studentar skal yta store deler av den vesle løna si i inntektsskatt til den søkkrike staten medan aksjespekulantane går fri?

BJØRN LOTHE STORTINGSKANDIDAT, SV.