LARS MÆLAND Stord

Om lag like lenge har foreldre på Bjoa hatt inne søknad til departementet om å få skulen godkjent etter privatskulelova, med dei økonomiske utteljingar det gir. I går kom omsider svaret, og det var negativt til godkjenning av ungdomsskule, men med klarsignal til å starta privat barneskule etter Montessori-prinsippet. — Eg er både frustrert og forbanna over svaret frå departementet. Me har purra og purra og prøvd alle tenkelege måtar for å koma i dialog med både administrativ og politisk leiing, for å høyra om dei trong utfyllande opplysningar, utan å få respons. Statsråd Trond Giske har frå Stortingets talarstol slått fast at han er i mot oppretting av privatskular der det kan vera ein fare for den offentlege skule. Og så får me eit svar der me får ja til å starta Montessori-skule på barnetrinnet frå hausten av, der det er eit offentleg skuletilbod på Bjoa, mens det blir vist til mangelfulle planar for ungdomstrinnet, der det i dag ikkje er eit offentleg alternativ på Bjoa. Forstå det den som kan, men for meg virkar dette som ein rein maktdemon strasjon frå regjeringspartiet, seier Agnes Matre Fosse i Bjoa Montessoriforening. Bjørn Johannessen i same forening seier dei vurderer anke.- Men det er frustrerande og ganske typisk for heile den behandlinga me har fått at me får svar først no når stortingspolitikarane har tatt ferie.