Målet med kulturpolitikk må vere å sørgje for eit blømande kulturliv i alle regionane og kommunane i landet. Hordaland Fylkeskommune spelar ei viktig kulturpolitisk rolle som det er viktig å utvikla vidare.

Venstre byggjer kulturpolitikken på toleranse og mangfald, og tek utgangspunkt i den eigenverdi kulturen har i samfunnet. I ei tid med sterk internasjonalisering er det viktig å føre ein målmedviten kulturpolitikk tufta på det me sjølve har skapt, men i fruktbart samspel med omverda.

Kultur er i seg sjølv grensesprengjande, og Venstre vil stø internasjonal kulturutveksling, og arbeida for at innvandrarar i fylket vårt møter eit ope og inkluderande kulturliv.

Kulturformidling til barn og unge er eit satsingsområde for Venstre. Ved sida av tilbodet som vert gjeve av det frivillige organisasjonslivet, vil Venstre nytta skulane meir i kulturformidlinga. Hordaland fylkeskommune har lang røynsle når det gjeld å produsera og distribuera skulekonsertar.

Ordninga må utvidast til ei kulturformidling som også gjeld ein målretta bruk av kunstnarar innanfor andreområde som forfattarskap, scenekunst, dans og biletkunst. Musea og andre kulturinstitusjonar må også koma inn i ei slik ordning.

Kulturvern er eit viktig delområde innanfor kulturpolitikken på fylkesplanet. Venstre vil leggja vekt på det kulturvernarbeidet som lenge har stått sterkt i Hordaland. Dette gjeld særleg kulturminneforvaltninga og dei mange musea i fylket. Fartøyvernet og kystkulturen er nye innsatsområde som Venstre vil prioritera.

Ei berande kraft i samfunnet og kulturarbeidet er dei frivillige laga og organisasjonane. Frivillig innsats utgjer ein stor ressurs både for å løysa eksisterande oppgåver, og ikkje minst for å skapa gode levekår og sosiale nettverk. Eit konstruktivt samarbeid mellom fylkeskommune og organisasjonslivet vil ofte vera avgjerande for å kunne løyse kulturoppgåvene. Det same gjeld tilhøvet til kommunane. Målet er det same, nemleg å gjera eit godt og sterkt fylke med store ressursar til eit enda betre Hordaland.

Ingebjørg Winjum, 2. kandidat for Venstre til fylkestinget