Planane um nytt parkeringshus under dammen kan koma til å minka den store dammen til «et 20 centimeter dypt vannspeil», samstundes som umrådet vert umskipa til park.

Det siste som er kjent er at kommuneadvokaten skal vurdere kva som vert kravet dersom Skansedammen vert umgjort til ei tjørn.

Dette er andre gongen at ei perla i landskapet er i fåre. Bladi fortell at sivilingeniør Ole Rakner på vegner at Stølestrøkenes Velforening og Skanseguttenes Forening hev lagt fram eit alternativ til parkeringshus i fjellet bak Skanseparken. Han vil bruka fyllmassar frå parkeringstunnelen til å gjera Skansedammen til ei naturlig tjørn der born kan vassa.

Og dette er ei onnor løysing enn den som Ole Raknar fremja fyrre gongen. For mange år siden vilde han fylla Skansedammen med stein frå eit utsprengjingsprosjekt han hadde i gang. Grunngjevingi hans var so original at me minnest ho godt: «Born kan drukna i Skansedammen, difor må det støypast platting uppå steinlaget.» Og den plattingen skulde Skanseguttene ha til øvingsplass!

Den gongen såg det ei tid fåretrugande ut for Skansedammen, den var ei tid den eineste drukningsfåren for born på våre kantar av landet. Men kloke politikarar sa stopp til den Rakner-planen.

No er Rakner og Skanseguttene ute med ny freistnad. At Stølestrøkenes Velforening er med på planen, gjev grunn til stor undring. Ei velforening skal vel verna um det som er med og gjev Stølestrøket liv.

Eg ser at ein advokat alt er sett til å vurdera um Bergen kommune vert erstatningspliktig dersom born druknar i ein «ny» Skansedam. Advokaten svara nei.

Lat oss no vona på klok vurdering frå kommuneadvokaten og politikarane. Hjelp dei som vil berga Skansedammen, seg nei til Rakner! Me hev nok med barbiebeini på Torgallmenningen.

LUDV. JERDAL