I snart 150 år har desse båtane knytt saman fjordbygdene våre, vore både pulsåre og sjel i gode og vonde dagar.

Fylkesbaatane, det er:

Fanaråken, Nordfjord I, Atløy, Kvamsøy, Firda, Fjalir, Hornelen, Gudvangen og alle dei andre.

Lokale namn som pryda stolte båtar, frå Vetlefjord til Sognekongen. Trauste karar med FSF på den mørkeblåe genseren sin, det var merkevare og profilering som fortente tillit og som hadde rot i det ekte. Jakob Sande var ikkje den einaste som i guteåra stod på kaia og så inderleg ynskte seg ein slik genser.

Kva er det for slags uvitande og historielause småkremmarar som vågar å trakka på og forkasta det rotekte namnet Fylkesbaatane og byta det ut med eit fullstendig tåpeleg Fjord1 ?

Skal forresten vi med sognesong i målet vårt seia Fjord ain?

Skal ikkje desse fylkesordførarane representera folket og skulle dei ikkje hatt så mykje tru på eigen kultur og identitet at dei stod imot slikt fjolleri?

Eller skal det nye selskapet bli styrt av bymøringar med trendy lysark og fine seminarord? Fylkesbaatane, det var kapteinen med lommeur og kompass på brua i uvêr over Fensfjorden, det var lasteruta som stampa mot isen i fjordarmen, fordi båten måtte inn der, fordi der budde menneske som trong han, venta han og leit på han.

Fylkesbaatane, det er ei stolt kjensle av å vera heime når du ser den ligg der ved kai i Bergen. Kast vrak på namnet og du foraktar sjela vår, Nils R. Sandal.

Vi tilgjev deg aldri.

SVERRE BUNGUM