KRISTINE HOLMELID kristine.holmelid@bt.no

Det var familien til den sakna guten som føreslo dette for politiet i eit møte torsdag kveld. Spesialkameraet blir brukt i oppdrettsnæringa.

— Vi kan ikkje leve med ein situasjon der elva ikkje er skikkeleg undersøkt. Når familien kjem med eit slikt inn-spel, kan vi ikkje la det vere uprøvd, seier lensmann Haavard Stensvand i Sogndal til Bergens Tidende.

Familien til Ole Ivan Rørvik har sjølve teke kontakt med eit firma som skal stille med folk og utstyr. Det skal skjerast hol i den tjukke isen i Sogndalselva, og kameraet skal førast ned i elva. Dersom prosjektet ikkje er for farleg, blir leiting sett i gang i løpet av fredagen.

Den store organiserte leitinga i terrenget er førebels innstilt.

— Dersom det kjem ytterlegare opplysningar i den taktiske etterforskinga, vil leitinga bli sett i gang igjen, seier lensmann Stensvand.

Studenten frå Kvammen i Askvoll har vore sakna frå studiestaden Sogndal sidan laurdag.

I følgje lensmannen vurderer politiet framleis å fjerne den tjukke elveisen ved hjelp av maskiner for å leite i større område.

Politiet jobbar heile tida parallelt med søk og taktisk etterforsking.

— Framleis held vi alle mogelegheiter opne for kva som har skjedd, seier lensmannen.

Eit vitne såg 21-åringen utanfor minibanken til Sparebank1 i Sogndal klokka 2304 laurdag kveld. Siste kontakt studenten hadde med heimstaden var ein telefonsamtale med kjærasten i 18-tida same kvelden.