For 6,5 millionar militære kroner er landets nyaste hurtigruteskip utstyrt med landingsplass for helikopter, medisinsk gassforsyning og større heisar. Spesialinnreiinga tilfredsstiller også hygienekrav for hospitalskip. Iløpet av 2004 skal alt tilleggsutstyret vera på plass.

— Til no har Sjøforsvaret hatt danskebåten «Petter Wessel» spesialutstyrt og førehandsrekvirert som hospitalskip i tilfelle krig her i landet. Skipet må ligga ved kai når det fungerer som sjukehus. Den nye avtalen med Hurtigruta gir oss hospitalskip som ikkje treng leidningar i land, men kan flyta rundt på havet og i fjordane, seier informasjonssjef Gunnar Vetlejord til Bergens Tidende.

I tillegg til «Midnatsol» blir «Finmarken» klargjort for bruk som hospitalskip. Seks andre hurtigruteskip skal kunne brukast som sjuketransportskip.

Prinsippet om totalforsvar gir Forsvaret rett til å rekvirera midlar til militær teneste ved mobilisering. Det blir for dyrt for samfunnet å ha mange nok bilar, bussar, traktorar, fly, skip osb. til krigsinnsats ståande ubrukte i fredstid. Difor blir ei rekke slike midlar førehandsrekvirert med lova i hand. Men Vetlejord forsikrar om at rekvirering av hospitalskip skjer i god tone med reiarlaga.

— Dette er ei ordning som båe partar har nytte av, seier han.

Skipa blir rekvirert med sitt ordinære mannskap, supplert med helsepersonell, til saman rundt 200 personar.

Ved mobilisering vert skipa tekne ut av ruta og sigla strake vegen til Haakonsvern til ei førehandsplanlagt ombyggingsøkt som tek relativt få timar. Og vips, så kan det flytande hospitalet ta mot opp til 200 pasientar i akuttmottak, intensivavdeling, røntgen og fire operasjonsstover. «Midnatsol» er klassifisert til å kunne sigla over heile verda.