TERJE ULVEDAL terje.ulvedal@bt.noFørdeDet var i januar at ei eldre kvinne døydde i samband med eit inngrep på Sentralsjukehuset i Sogn og Fjordane. Legen skulle ta beinmargsprøve av kvinna for å stille diagnose. Ved hjelp av ei nål skulle legen ta prøve av margen på brystbeinet til kvinna. Men i staden for å treffe brystbeinet gjekk sprøyta gjennom og inn i hjartet på pasienten. Kvinna døydde som følgje av sprøytestikket i hjartet.Fylkeslegen har no motteke obduksjonsrapporten frå Gades Institutt etter dødsfallet. Til Bergens Tidende seier fylkeslege Petter Øgar at rapporten stadfestar dei opplysningane som har komme fram frå før i denne saka. — Vi kjem no til å få ein sakkunnig uttale på det som skjedde i dette tilfellet. Det vesentlege spørsmålet for oss å få svar på er i kva grad denne undersøkinga vart gjort på ein forsvarleg måte. Det ønskjer vi at helsepersonell som gjer denne type undersøkingar uttaler seg om. Då snakkar vi først og fremst om spesialistar i indremedisin, seier Øgar.Til Bergens Tidende sa Øgar då denne saka vart kjend at det kan sjå ut som om prosedyrane som vart følgt då prøven skulle takast av kvinna, ikkje var den heilt vanlege.